PP-tenesta
Omtale
Pedagogisk psykologisk teneste for Ål og Hol (PPT) er ei interkommunal teneste.
Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk psykologisk teneste. Tenesta har heimel i Opplæringslova.
Opplæringslova § 5-6
Forskrift til opplæringslova
Tenesta har ansvar for barn og unge som ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. I tillegg har tenesta ansvar for vaksne med rett til grunnskoleopplæring.
Tenesta skal hjelpa skulen og barnehagen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggja opplæringa betre til rette for eleven/barnet med særlege behov.
Den pedagogisk psykologiske tenesta skal sørgja for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det.
Målgruppe
- Barnhagar og skular.
- Barn, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
Vilkår
Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
Før kommunen gjer vedtak om spesialundervisning, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei spesielle behova som eleven har. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod ein bør gi.
Rettleiing
Barn/elevar tilvises av dei føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule. Foreldre og vaksne kan på eige initiativ ta kontakt med PPT for informasjon og vurdering av behov for tenester samt hjelp til å fylle ut tilvisingsskjema. Helsesøstrer, barnehage og skular kan etter skriftleg samtykke og i samarbeid med føresette tilvise, saker til PPT.
Søknadsskjema
Tilvisingsskjema samt rettleiing til utfylling kan du få av
- PPT
- helsesøster
- barnehagar og skular
- oppvekstkontoret
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist.
Søkeord
pedagogisk-psykologisk teneste, PP-teneste, psykisk, helse, psykolog, pedagog, psykiatri, barn, ungdom, elev, skule, skole, opplæring, undervisning, lærevanskar, barnehagar, lesevanskar, vaksenopplæring, spesialpedagog, vidaregåande, teiknspråk, punktskrift, dauv, blind, svaksynt