Overtaking av omsorg for barn

Omtale

Grunnlaget for at det offentlege tek over omsorga for eit barn, er at foreldra av ein eller annan grunn ikkje kan gi god nok omsorg til barnet. Omsorgssvikten må dokumenterast slik at vilkåra i lova for omsorgsovertaking er oppfylte. Det må vere nødvendig å overta omsorga for barnet ut frå den situasjonen barnet er i. Eit vedtak om omsorgsovertaking kan derfor ikkje fattast dersom det kan skapast gode nok forhold for barnet ved hjelpetiltak.

Barneverntenesta skal kort tid etter ei omsorgsovertaking kontakte foreldra med tilbod om rettleiing og oppfølgjing. Barneverntenesta kan foreslå hjelpetiltak for å betre omsorgsevna til foreldra slik at ei framtidig tilbakeføring av barnet kan bli mogleg.

Foreldra kan krevje at vedtak om omsorgsovertaking blir lagt fram for tingretten til rettsleg prøving.

Bilete av barn

Målgruppe

Familiar der barnet/barna opplever eller kan kome til å oppleve skadeleg mangel på kontakt, stabilitet og framsynt planlegging.

 

Vilkår

Kriterium for omsorgsovertaking kan vere at :

  • det er alvorlege manglar ved den daglege omsorga som barnet får, eller alvorlege manglar i den personlege kontakten og tryggleiken som det treng etter sin alder og utvikling.
  • foreldra ikkje sørgjer for at eit sjukt, funksjonshemma eller spesielt hjelpetrengjande barn får dekka sitt særlege behov for behandling og opplæring.
  • barnet blir mishandla eller utsett for andre alvorlege overgrep i heimen
  • det er nokså sikkert at helsa eller utviklinga til barnet kan få alvorlege skader  fordi foreldra er ute av stand til å ta nok ansvar for barnet.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Lover

Rettleiing

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

Barnevern, barne- og familievern, omsorgsovertaking, omsorgssvikt, bekymringsmelding
Servicetorget:

Ål kommune, Torget 1, 3570 ÅL

Telefon: 3208 5000
Send e-post til Ål kommune
Opningstider: 09.00 - 15.30

Kart

Torget 1, 3570 Ål  •   Tlf: 32 08 50 00  •   Send e-post til Ål kommune  •  Nettansvarleg: Inger Lervåg