Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for framandspråklege

Omtale

Kommuna skal gi utlendingar opplæring i norsk (550 timar) og samfunnskunnskap (50 timar), til saman 600 timar. For personar som har kome inn i personkretsen før 1.1.2012, gjeld timetalet 250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap.Opplæringa i samfunnskunnskap skal givast på eit språk som deltakaren forstår, medan norskundervisninga skal givast på norsk. Ordninga skal gi utlendingar høve til å delta i arbeidslivet. Gjennomført opplæring er ein føresetnad for å få rett til å busetje seg (varig opphald) og statsborgarskap.

Det skal utarbeidast ein individuell plan for den som skal delta. Plana skal ta utgangspunkt i  opplæringsbehovet til den einskilde. Det vil og vere mogleg for deltakarar som har rett til gratis opplæring å få ytterlegare opplæring i inntil 2 400 timar, dersom det er behov for det. Kommunen kan krevje at det blir gjennomført testar for å fastslå om det er behov for opplæring ut over 600 timar.

Målgruppe

Utlendingar mellom 16 og 55 år som har opphalds- eller arbeidsløyve som gir grunnlag for retten til å busetje seg. Dette omfattar: asylantar, overføringsflyktningar, arbeidsinnvandrarar og  familiemedlemane deira, personar med opphald på humanitært grunnlag, personar som er familiegjenforeina med desse, og personar som er familiegjenforeina med norsk eller nordisk borgar busett i Norge.

Vilkår

Opphalds- eller arbeidsløyve etter utlendingslova som dannar grunnlag for retten til å busetje seg.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Rettleiing

Ta kontakt med kommunen for å få meir informasjon.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Det kan klagast på vedtak om:

  • tildeling av opplæring
  • vesentlege endringar i den individuelle planen
  • at opplæringa er stansa
  • permisjon

Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.

I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.

Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.

Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Tenesta er gratis for personar mellom 16-55 år som har opphalds- eller arbeidsløyve som dannar grunnlag for retten til å busetje seg, bortsett frå for arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlemer. Dei må betale for opplæringa.

Søkeord

norskopplæring, asylsøkjar, flyktning, innvandrar, integrering
Publisert
06.02.2009
Sist endra
19.03.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune