Omtale
Skal du føre opp ny bustad på eiga tomt, må ein søkje kommunen om løyve. Det vil seie at tiltaket ikkje kan setjast i gang før løyve er gitt. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess ("ansvarleg søkjar"). Det kan til dømes vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. Før igangsetjing må nødvendig prosjektering vere gjennomførd, og alle handverkarar (firma) må ha godkjend ansvarsrett for fagområda sine.
I særlege tilfelle kan kommunen gi deg personleg ansvarsrett. Det vil seie at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar). Det må søkjast særskilt om personleg ansvarsrett.
Vilkår
For å kunne setje i gang tiltaket, må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra) vere godkjend av kommunen. Desse kriteria må vere oppfylte:
- Naboane må vere varsla.
- Bustaden må plasserast i samsvar med dei generelle krava i plan- og bygningslova og eventuelle byggelinjer i regulerings- eller utbyggingsplanen. Estetisk utforming må tilfredsstille generelle krav i plan- og bygningslova og eventuelle tilvisingar gitt i regulerings- eller utbyggingsplanen.
- Tiltaket må oppfylle alle relevante byggetekniske krav.
- Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplanen eller utbyggingsplanen.
Rettleiing
Dersom du ønskjer å føre opp ein ny bustad, må du ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet vil bli ståande som "ansvarleg søkjar" og sender søknaden på dine vegner. Det vil fungere som bindeledd mellom deg som byggherre (tiltakshavar), kommunen og andre ansvarlege som skal hjelpe til med å gjennomføre prosjektet.
Klage
- Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.
- Klaga skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.
- I klaga skal du opplyse om kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi dette. Kommunen vil hjelpe til med å skrive klaga.
- Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.
- Det skal sendast tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.
Annen informasjon
Nærståande tenester:
Nabovarsel
Forhåndskonferanse
Selvbygger
Søkeord
byggjesak, bustadbygging, ansvarsrett, plasseringskontroll, bygging, byggeløyve, byggemelding, byggesøknad, byggeløyve, byggetiltak, forhåndskonferanse, grunnundersøking, husbygging, husutstikking, hyttebygging, nabovarsel