Motorferdsel i utmark og vassdrag
Omtale
Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert med sikte på å verne naturmiljøet og fremje trivsel. I hovudsak er bruk av motorkjørety til etablerte nytteformål (til dømes til redningsteneste, utmarksnæring og faste bustader) direkte heimla i lova, mens ferdsel til andre formål krev løyve frå kommunen. Merk at det likevel ikkje kan bli gitt løyve til turkøyring.

Målgruppe
Personar som treng å bruke motorfarty eller luftfarty i utmark og vassdrag til formål som ikkje er offentleg godkjende nytteformål.
Vilkår
Det må søkjast om løyve for å bruke motorfarty eller luftfarty til formål som er spesielt nemnde (sjå lenkja til forskrift nedanfor). Det gjeld til dømes bruk av snøscooter
- der fastbuande vil påta seg køyreoppdrag (transport av funksjonshemma, transport av ved, tilsyn av privat hytte med meir)
- der hytteeigar vil transportere bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte
I unntakstilfelle og når særlege grunnar ligg føre, kan kommunen gi løyve til motorferdsel knytta til formål som forskrifta ikkje nemner spesielt. Søkjaren må ha eit særleg behov som ikkje kan dekkjast på annan måte, og som ikkje har med turkøyring å gjere. Kommunen vil gjere ei konkret vurdering. Behovet må vurderast mot eventuelle skader og ulemper. Det skal veldig mykje til før eit slikt løyve (dispensasjon) blir gitt.
Rettleiing
Kommunen (eller Fylkesmannen) gir informasjon om kva som er tillatt etter lov og forskrift, og kva det må søkjast om løyve til. Søknad om dispensasjon må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle opplysningar som kommunen treng for å kunne ta stilling i saka.
Vedlegg somskal følgje søknaden:
- Ved transport av funksjonshemma må legeattest vedleggjast
- Ved transport til hytte må eigarforholdet dokumenterast
- Kart som viser køyretraseen
- Eventuell dokumentasjon av særleg behov
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart og må sendas i god tid.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
ATV, beltebil, firhjuling, helikopter, motorbåt, scooter, løyve, sjøfly, skuter, snø, terreng, køyretøy, traktor, motorsykkel, motor, ferdsel, tur, køyre, mark, skog, fjell, vassdrag, vatn, luftfartøy, transport, veg, bil, hytte, innsjø, natur