Alle som driv ein serveringsstad som serverer alkoholhaldig drikke må ha skjenkeløyve.
Gjeld tildeling av skjenkeløyve for alkoholhaldig drikke. Løyvet blir gjeve for høgst fire år om gongen. Løyvet fell bort dersom verksemda som har fått løyvet, blir overdratt til andre. Verksemda kan halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at kommunen som har innvilga løyvet, har fått melding om dette, og at det blir søkt om nytt løyve så snart som mogeleg, og seinast 30 dagar etter overdraginga.
Skjenkeløyve kan søkjast av personar eller verksemder som ønskjer å drive skjenking av alkoholhaldig drikke for drikking på staden.
Alle som driv ein serveringsstad som serverer alkoholhaldig drikke, må ha skjenkeløyve. Det er eit krav om at det også må liggje føre eit serveringsløyve.
Det krevst god vandel.
Løyvehavaren må peike ut ein styrar og ein nestleiar som er tilsett ved serveringsstaden. Styrar og nestleiar må begge ha greidd kunnskapsprøva om alkohollova og må vere over 20 år, og dei må oppfylle krava i alkohollova og i serveringslova. Kunnskapsprøva kan avleggast i Servicetorget.
Prisar:
Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Ål kommune
Alkohollova
Alkoholforskrifta
Det krevst skriftleg søknad. Dersom du lurer på noko, ta kontakt med Servicetorget.
Endringar i løyvet kan skje fleire gonger i løyveperioden, til dømes ved skifte av styrar og nestleiar for løyvet, endringar i driftskonseptet eller endringar i eigartilhøvet. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring skal sendast til kommunen som fattar nytt vedtak.
Søknadsskjema
Søknadsskjema for skjenking av alkohol - blankett
Søknadsskjema for skjenking av alkohol - elektronisk
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker etter at vedtaket vart mottatt. Klagen skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket. I klagen skal det opplysast og grunngjevast kva ein ønskjer endra i vedtaket.Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir oppretthalde, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.
Eit skjenkeløyve gjeld for inntil 4 år og følgjer kommunestyreperioden dersom ikkje anna er vedteke.
skjenking, kafe, kafè, cognac, konjakk
Ål kommuneServicetorgetTorget 1, 3570 Ål, Telefon: 3208 5000Send e-post til Ål kommune