Landbruksveg – bygging

Omtale

Kommunen skal godkjenne nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på totalløysingar for skogbruk og jordbruk, uavhengig av eigedomsgrenser. Også dei miljømessige konsekvensane, som konsekvensane bygging og bruk av vegen vil ha for naturmiljø, landskap, kulturmine og friluftsliv, vil bli vurderte. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre medfører uvesentlege inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.

Målgruppe

Landbruksføretak.

Vilkår

  • Ved bygging av landbruksvegar med ei lengde på over 15 kilometer skal det liggje føre ei godkjend konsekvensutgreiing før vedtak blir fatta.
  • Avkjøyrsler frå offentleg veg og velteplassar som blir opparbeidde inn til offentleg veg, skal på førehand vere godkjende av vegetaten.

I samband med sjølve godkjenninga kan kommunen mellom anna setje vilkår for:

  • linjeføring, teknisk utforming og miljømessig tilpassing av vegen 
  • skogsdrift (for vegar til skogbruksformål) dersom det er stilt krav om det for å ta vare på dokumenterte miljøverdiar

 Vedtaket kan også setje vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen, til dømes stenging ved bom.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Lover

Sjå plan- og bygningslova §§ 33-3 og 77

Plan- og bygningsloven

Rettleiing

Du sender ein skriftlig søknad til kommunen. På førehand må du varsle dei veganlegget vil få følgjer for, til dømes naboar og rettshavarar. Opplys i søknaden om at dette er gjort. Gjer greie for kva for driftsmessige og økonomiske fordelar du vil oppnå med tiltaket. Eventuelle alternative vegtrasear bør også omtalast.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen/Fylkeslandbruksstyret.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Nærståande tenester:
Privat avkøyrsle frå offentleg veg

Søkeord

Vegbygging, veibygging, landbruksvei, landbruksveg, privat vei, privat veg, avkjørsel, avkjøringstillatelse
Publisert
06.02.2009
Sist endra
05.04.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune