Landbrukseigedom - deling

Omtale

I utgangspunktet er det forbode å dele landbrukseigedomar.

Formålet med dette forbodet er å sikre at ressursgrunnlaget til driftseininga ikkje blir redusert. Ein eigedom som blir nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk, kan berre delast etter samtykke frå kommunen.

Når det skal avgjerast om samtykke skal gjevast, skal ein m.a. ta omsyn til

  • om deling kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området 
  • godkjende planar som ligg føre for arealbruk etter plan- og bygningslova 
  • kulturlandskapet

Det er viktig å merke seg at sjølv om eitt eller fleire vilkår for deling er oppfylte, gir ikkje det automatisk rett til samtykke.

Målgruppe

Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom, eller som ein reknar med er den faktiske eigaren til eigedomen.

Vilkår

Samtykke til deling kan gjevast dersom

  • viktige samfunnsinteresser talar for det 
  • deling er forsvarleg ut frå omsynet til den avkastinga eigedomen kan gi.

I samband med eit samtykke til deling av landbrukseigedom, kan det setjast vilkår som er nødvendige for å ivareta formålet med lova.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Rettleiing

Søknad om deling av landbrukseigedomen skal sendast til kommunen. Søknaden må innehalde ein nærmare omtale av eigedomen og plasseringa av arealet det blir søkt om deling av.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etterkvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen/Fylkeslandbruksstyret.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Det er fastsett eit gebyr på kr 750,-.

Søkeord

eigedom, kartforretning, tomt, oppmåling, kjøp, sal, tinglysing, grunn, eigar, arv, skifte, frådeling, utskiljing, landmåling, grenser, tomtedeling, skogbruk, jordbruk, landbruk, miljø, drift, areal, kulturlandskap, landskap, grunnbok, jordlova, deling, omdisponering
Publisert
09.07.2008
Sist endra
05.04.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune