Konsesjon ved overtaking av fast eigedom

Omtale

Konsesjonslova fastset at all overtaking av fast eigedom (herunder m. a. overtaking ved arv, gåve og kjøp), samt stifting av bruksrett for meir enn 10 år, er konsesjonspliktig med mindre det er gjort unntak i lova eller i forskrifter fastsette i samsvar med lova. Som overtaking reknar ein også overtaking av delar eller partar i ein eigedom. Ei konsesjonspliktig overtaking kan ikkje tinglysast med mindre konsesjon er gitt.

Lova har til formål å regulere og kontrollere omsetjinga av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern om produksjonsareala i landbruket og slike eigar- og bruksforhold som er best  for samfunnet, m. a. for å tilgodesjå: 

  • behova til framtidige generasjonar
  • landbruksnæringa 
  • behovet for  utbyggingsgrunn 
  • omsynet til miljøet, allmenne naturverninteresser og friluftsinteresser 
  • omsynet til busetnaden

Mange unntak - få eigedomar krev konsesjon:

  • Unntaka frå konsesjonsplikta er omfattande, og det er berre for ein liten del av eigedomane som er overtekne, at  det må søkjast om konsesjon. 
  • Eit vanleg tilfelle der ein må søkje konsesjon, er ved overtaking av utbygd eigedom som har eit totalareal større enn 100 dekar, eller har meir enn 20 dekar fulldyrka jord (1 dekar er 1 mål er 1.000 m2). Arealgrensa vart heva til dette nivået 1. januar 2004.
  • I Ål er slektskapsunnataket oppheva slik at ny eigar i dei tilfelle der bustadhus ikkje lenger skal vera i bruk som bustad, må søkje konsesjon, sjølv om vedkomande er barn, barnebarn eller nevø/niese til tidlegare eigar.

Målgruppe

Kjøparar, leigetakarar og utbyggjarar av fast eigedom.

Vilkår

Overtaking av fast eigedom.

Samarbeidspartnarar

Fylkesmannen

Nærståande tenester

Rettleiing

Skøyte, kjøpekontrakt, leigekontrakt eller annan avtale samt takst skal leggjast ved i original eller stadfesta avskrift i den grad slike dokument ligg føre. Gjeld overtakinga landbrukseigedom, skal skogbruksplan leggjast ved dersom slik plan ligg føre.

Spørsmål om utfylling av søknaden kan rettast til kommunen eller Statens landbruksforvaltning.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Søknad skal sendast innan 4 veker etter at avtale om kjøp er inngått, eller innan 4 veker etter at overtakaren har fått råderett over eigedomen.

Saksbehandling

Klage

  • Klage på vedtaket skal sendast innan tre veker frå vedtaket vart motteke.
  • I klagen skal du oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for det. Kommunen kan hjelpe til  med å skrive klagen.
  • Klageinstansen er Fylkesmannen/Fylkeslandbruksstyret.  Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling. 
  • Melding om utfallet av klagebehandlinga blir send enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Saksbehandlingsgebyr for søknad om konsesjon for overtaking av fast eigedom vil kunne variere.

Søkeord

eigedom, bustad, tomt, kjøp, sal, tinglysing, grunneigar, arv, gåve, skifte, leigetakar, utbyggjar, tileigning, landbruk, forvaltning, grunn, næring, miljø, naturvern, friluft, interesser, busetnad, jord, dekar, jordbruk, dyrka mark, areal, grense
Publisert
09.07.2008
Sist endra
14.02.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune