Konsesjon - erverv av ikkje utbygd eigedom under 100 da.

Omtale

Konsesjonslova av 18. november 2003 slår fast at alle faste eigedomar ein skaffar seg (kjøp/overtaking), og stifting av bruksrett for lengre tid enn 10 år, er underlagt konsesjonsplikt med mindre det er gjort unntak i lova eller i forskrifter fastsette i medhald av lova. Som kjøp blir også rekna kjøp av delar eller partar i ein eigedom. Konsesjonsfritak etter lova kan setjast ut av kraft ved forskrift. I kommunar med buplikt (husstanden som er registrert i folkeregisteret med fast adresse i bustaden, bur i huset) er det slike forskrifter.

Målgruppe

Alle som kjøper ikkje utbygd eigedom over 100 da. samt mindre eigedomar med minst 20 da. fulldyrka jord.

Vilkår

Det skal fyllast ut ei Eigafråsegn om konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom m.m. i desse tilfella:

  • Ikkje utbygd(e) tomt(er) til bustad- eller fritidsformål mindre enn 2 da., godkjend frådelt etter plan- og bygningslova og jordlova.
  • Ikkje utbygd(e) einskildtomt(er) til bustad- og fritidsformål som er regulerte til byggjeområde og der tomteinndelinga er godkjend.
  • Andre ikkje utbygde areal som er regulerte til anna enn landbruksområde, eller som i arealplanen til kommunen er lagde ut til byggjeområde.

For ikkje utbygde eigedomar som ikkje kjem inn under desse punkta, må det søkjast om konsesjon. Eigafråsegn krevst ikkje ved kjøp av mindre areal som tillegg til utbygd/ikkje utbygd tomt. Storleiken må ikkje vere slik at det kan reknast som ei sjølvstendig tomt.

Nærståande tenester

Rettleiing

Dersom ein ikkje er trygg på om ervervet utløysar konsesjonsplikt, kan spørsmål rettast til den kommunen der eigedommen ligg, fylkesmannen eller Statens landbruksforvaltning. 

Eigafråsegn om konsesjonfritak
Eigafråsegn blir godkjent i kommunen der eigedommen ligg. Etter godkjenning blir eigafråsegn, skøyte samt annan dokumentasjon, sendt til Statens Kartverk for tinglysing. Eigafråsegn treng inga vedlegg.

Søknad om konsesjon
Søknaden, med skøyte og kopi av kontrakt om overdraging , må sendast kommunen innan 4 uker etter at avtale er inngått, eller kjøper har fått råderett over eigedommen. Når kommunen har gitt konsesjon, blir skjøte samt annan dokumentasjon sendt til Statens Kartverk for tinglysing. Skøyte, kjøpekontrakt, leigekontrakt eller annan avtale, samt takst, skal leggjast ved i original eller stadfesta avskrift i den grad slike dokument ligg føre. Gjeld kjøpet landbrukseigedom, skal skogbruksplan leggjast ved dersom slik plan ligg føre.

Rettleiing for utfylling av eigafråsegn og søknad  ligg ved skjemaene.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Klage på vedtaket skal sendast innan tre veker frå vedtaket vart motteke.
  •  I klaga skal du opplyse om kva du ønskjer endra i vedtaket, og grunngi dette. Kommunen vil hjelpe til med å skrive klaga.
  • Klageinstans er Fylkesmannen/fylkeslandbruksstyret.  Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.
  • Melding om utfallet av klagebehandlinga skal sendast enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Godkjenninga av Eigafråsegn om konsesjonsfrihet er gebyrfritt.

Saksbehandlingsgebyr for Søknad om konsesjon ved kjøp av fast eigedom vil kunne variere.

Søkeord

eigedom, bustad, tomt, kjøp, sal, tinglysing, grunneigar, arv, gåve, skifte, leigetakar, utbyggjar, tileigning, landbruk, forvaltning, grunn, næring, miljø, naturvern, friluft, interesser, busetnad, jord, dekar, jordbruk, dyrka mark, areal, grense
Servicetorget:

Ål kommune, Torget 1, 3570 ÅL

Telefon: 3208 5000
Send e-post til Ål kommune
Opningstider: 09.00 - 15.30

Kart

Søknadsskjema

Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigning/kjøp av fast eigedom
Grønt skjema (blankett) Skal brukast for landbrukseigedomar.

Eigenfråsegn om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense 
Raudt skjema (blankett) Skal brukast i alle tilfelle som ikkje er landbrukseigedom.

Torget 1, 3570 Ål  •   Tlf: 32 08 50 00  •   Send e-post til Ål kommune  •  Nettansvarleg: Inger Lervåg