Individuell plan

Omtale

Ein individuell plan skal lette koordineringa av helse- og/eller sosialtenester for personar med behov for langvarige og koordinerte tenester frå det offentlege hjelpeapparatet. Planen skal sikre at det til eikvar tid er nokon som har ansvaret for å følgje opp brukaren.

Det er ein klar føresetnad at brukaren skal medverke når ein slik plan blir laga.

Målgruppe

  • Personar som har behov for langvarige og koordinerte helse- og/eller sosialtenester 
  • Deltakarar i kvalifiseringsprogram i regi av NAV-kontor (Kvalifiseringsprogrammet skal vere med på å inkludere flest mogleg i arbeids- og samfunnslivet.)

Vilkår

Dersom brukaren ynskjer det, har kommunen har plikt til å utarbeide individuelle planar for personar som har behov for fleire helse- og sosialtenester over lang tid. Staten har ei tilsvarande plikt for pasientar med behov for spesialisthelsetenester

Samarbeidspartnarar

Spesialisthelsetenesta

Nærståande tenester

Andre kommunale tenester

Rettleiing

Servicetorget eller koordinerande team kan kontaktast for hjelp til å søkje om individuell plan, eller andre kan hjelpe deg ved behov.
Dersom andre søkjer på vegne av deg, må det leggjast ved fullmakt. 

Søknadsskjema

Helse- og sosialsektoren i Ål komune har eitt felles søknadsskjema;

Søknad om tenester frå helse- og sosialsektoren

Søknadsfrist

Alle søknader blir behandla i tildelingsteamet, som formidlar vidare til rett avdeling/teneste.

Saksbehandling

Klage

  • Klageretten er forankra i dei enkelte lovene (sjå avsnittet om lover og retningslinjer). 
  • Fylkesmannen er klageinstansen etter sosialtenestelova, og Helsetilsynet i fylket er klageinstans etter helselovgivinga. 
  • Det er retten til individuell plan du kan klage på. Men dersom ein individuell plan ikkje oppfyller krava til det ein slik plan skal innehalde (sjå forskrifta), kan du også klage på det. 
  • Klagen sender du til den instansen i kommunen som har behandla saka.

Kontaktinformasjon

Koordinerande team;

Avd.leiar fysio/ergoterapi tlf. 32 08 52 61
Avd.leiar psykisk helsevern tlf. 32 08 53 36
Avd.leiar helsestasjonen tlf. 32 08 52 91

Annen informasjon

Søkeord

helse, sosial, teneste, koordinering, plan, individuell, hjelpeapparat, tilretteleggjing, pasient, hjelp, psykisk, fysisk, psykiatri, koordinerande enhet, koordinerande team

Publisert
09.07.2008
Sist endra
05.04.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune