Hjelpetiltak frå barneverntenesta
Omtale
Når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, skal barneverntenesta sørgje for å setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Døme på dette er råd og rettleiing, støttekontakt, besøksheim og økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vere hjelpetiltak.
Målgruppe
Tiltaka kan iverksetjast overfor barn under 18 år. Når barnet samtykkjer, kan tiltak som er iverksette før barnet har fylt 18 år, halde fram eller erstattast av andre tiltak inntil barnet har fylt 23 år.
Vilkår
Behov for hjelpetiltak må vere dokumenterte.
Rettleiing
Alle (foreldre, vener, naboar, barnehage/skule, helsestasjon osb.) som ser at eit barn har særleg behov for det, kan melde frå til barneverntenesta om at barnet treng eit hjelpetiltak.
Klage
- Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.
- Klaga skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.
- I klaga skal det opplysast om kva ein ønskjer endra i vedtaket og ei grunngjeving for dette. Kommunen vil hjelpe til med å skrive klaga.
- Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.
- Det blir sendt tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.
Søkeord
bekymringsmelding, omsorgsovertaking