Helsestasjon
Omtale
Helsestasjonteneste til familiar med barn 0 - 5år.
• Tenesta er eit tilbod om:
• Heimebesøk
• barselgrupper
• helseundersøkingar
• barnevaksinasjonar
• førebyggjande psykososialt arbeid
• opplysningsverksemd
• samarbeid om habilitering av born og unge med spesielle behov
Vaksinasjonar følgjer nasjonalt vaksinasjonsprogram.
Helsestasjonen kan også gi tilbod om foreldrerettleiing, t.d. om søvnproblem, samspelproblem og åtferdsproblem hos born. Helsestasjon kan henvise til PPT og barnevern
Målgruppe
Alle i aldersgruppa 0-5 år
Vilkår
Tenesta gjeld for personar i aldersgruppa 0-5 år.
Rettleiing
Når du har født eit barn, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for enten heimebesøk eller oppfølging på helsestasjonen. Kontakten blir oppretta på bakgrunn av fødselsmelding. Du vil få innkalling til vaksinasjonar og regelmessige kontrollar av barnet.
Klage
- Dersom du meiner du ikkje mottek nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova påklage dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket.
- Klaga skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket.
- I klaga skal du oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi det. Kommunen vil hjelpe til med å skrive klaga.
- Klageinstans er Helsetilsynet i fylket. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til Helsetilsynet i fylket for klagebehandling.
- Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettlova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klaga skal først sendast kommunen eller direkte til tjenesteytaren, slik at saka om mogleg kan løysast på lågaste nivå.
Søkeord
barselgruppe, helsesøster