Heimesjukepleie

Omtale

Tenesta skal ivareta brukaren sitt behov for fagleg forsvarleg behandling, omsorg og pleie i heimen. 
Tenesta kan omfatte sårbehandling, pleie, medikamenthandtering, ofte i samarbeid med lege. Arbeidet blir utført av sjukepleiarar eller andre helsearbeidarar.

Målgruppe

Eldre, sjuke, menneske med funksjonsnedsetting.

Vilkår

Behov for nødvendig helsehjelp i heimen.  Helsesvikt som fører til at brukar ikkje kan ivareta grunnleggjande behov.

Samarbeidspartnarar

Pårørande
Ergoterapi
Fysioterapi
Heimetenestene
Dagsenter
Fastlegane
Psykisk helsevern
Hallingdal sjukestugu, sjukehus

Rettleiing

Servicetorget eller pleie-og omsorgstenesentene kan gi hjelp til å søkje om heimesjukepleie.
Dersom ein annan søkjer i ditt namn, må vedkomande ha fullmakt.

Søknadsskjema

Helse- og sosialsektoren i Ål kommune har eitt felles søknadsskjema:

Søknad om tenester frå helse- og sosialsektoren

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etterkvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Klage

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

heimesjukepleie, livshjelp, psykiatrisk, terminalpleie, medisin, omsorg
Publisert
06.02.2009
Sist endra
05.04.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune