Fosterheim
Endret dato :
27.08.2010 14:36:38
Omtale
Fosterheim er ein private heim som tek imot barn til oppfostring på grunnlag av vedtak i barnevernstenesta om hjelpetiltak eller i samband med omsorgsovertaking. Fosterbarn er ulike, og det trengst derfor ulike familietypar. Den kommunen som fosterheimen ligg i, har ansvaret for godkjenning og tilsyn av heimen. Statleg regional barnevernetat (Bufetat) har ansvaret for nødvendig opplæring.
Målgruppe
Personar som har særleg evne til å gi barn ein trygg og god heim, og som kan løyse oppfostringsoppgåvene i samsvar med dei føresetnadene som er lagde til grunn den tida opphaldet varer m.m.
Vilkår
Fosterforeldre skal alltid nøye vurderast opp mot dei individuelle behova til kvart einskilt fosterbarn. Dei viktigaste krava er at fosterforeldra er i ein stabil livssituasjon med eit sosialt nettverk rundt seg og trygg lokal forankring, enten dei er sambuarar, einslege eller gifte.
Annen informasjon
Andre dokument:
På denne nettstaden kan du finne fleire opplysningar om fosterheimar. Fosterhjem.no er eit samarbeid mellom Barne-, ungdoms- og familieetaten, Oslo kommune, Barne- og familieetaten, og Trondheim kommune, Omsorgseininga for barn og unge.
Nærståande tenester:
Besøksheim
Adopsjon
Hjelpetiltak frå barnevernstenesta
Melding til barnevernstenesta
Søkeord
fosterbarn, fosterforeldre, tilsynsførar, barne- og familievern