Førehandskonferanse

Omtale

Ein kan nytte førehandskonferanse ved alle typer tiltak etter plan- og bygningslova og den skal gjennomførast før ein eventuell søknad blir send til kommunen.

Konferansen er ei frivillig ordning der tiltakshavar (byggherre) og kommunen møtest for å diskutere byggjetiltaket og den vidare saksbehandlinga. Dersom du sjølv er tiltakshavar (byggherre), kan du møte til konferansen åleine. Dersom gjennomføringa av tiltaket krev eit firma (som då er ansvarleg søkjar), bør begge møte.

Kommunen skal i førehandskonferansen gje nødvendig informasjon om rammeføresetnader og krav i forhold til planar, lov/forskrift, dokumentasjon og plassering av tiltaket. Informasjon om kommunen sin praksis og saksbehandlingsrutiner, tilsyn og ansvar vil også vere tema. Kommunen skal også opplyse om den vidare saksbehandlinga og forventa saksbehandlingstid.

Kommunen skriv referat frå førehandskonferansen. Dette skal underskrivast av tiltakshavar (byggherre) og representanten for kommunen.

Målgruppe

Alle som skal setje i gong tiltak etter plan- og bygningslova.

Vilkår

Kommunen har plikt til å gjennomføre førehandskonferanse dersom du som tiltakshavar, eventuelt saman med firmaet som står som ansvarleg søkjer, ønskjer det. Kommunen kan også, i einskilde tilfelle, krevje ein førehandskonferanse.

Førehandskonferansen skal finne stad innan 2 veker etter at oppmoding er sendt.

Kommunen skal før konferansen få dei opplysningane som er nødvendige for å vere førebudde til møtet. Dette er opplysningar om tiltakets innhald, omfang, plassering, framdrift, aktuelle ansvarlege utøvarar og andre vilkår for tiltaket. Aktuelle vedlegg vil vere situasjonskart, teikningar av tiltaket og eventuell skriftleg omtale av ønskje om dispensasjon frå regelverket.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Rettleiing

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

Førehandskonferanse, byggjesak, tiltakshavar, søkjar, ansvarleg søkjar, tiltak,
Publisert
18.11.2010
Sist endra
19.03.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune