Fastlege

Omtale

Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å delta i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytta til ein fast, namngitt allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine, og skal prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista hans. Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ei anna kommune enn den du bor i. Du står fritt om du vil delta i ordninga, og du kan fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel. Dersom du har foreldreansvar for barn under 16 år, veljer du også fastlege for barnet ditt. Du har krav på å behalde fastlegen din ved opphald på sjukeheim.

Bilete av lege

Målgruppe

Alle som er busette i Noreg.

Vilkår

Du må vere busett i Noreg.

Nærståande tenester

Rettleiing

Når du veljer flytting til ein ny kommune, vil du motta skjema for val av lege med tilbod om å velje fastlege i den nye kommunen. Dersom du ikkje aktivt veljer ein ny lege i kommunen, vil du behalde den legen du hadde før flytting. Når du ønskjer å byte fastlege, kan du velje ein av desse måtane:

  • Send inn det skjemaet du har motteke
  • Gå inn på "MinFastlege" (sjå lenkje under), og byt sjølv på nettet
  • Dersom du ikkje har høve til å bruke Internett, kan du ringje fastlegekontoret på telefon.  Ha fødselsnummeret ditt (11 sifre) klart før du ringjer. Fastlegekontoret kan fortelje deg om tilgjengelege fastlegar og setje deg på lista til den fastlegen du ønskjer deg dersom legen har ledig kapasitet.

Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at bytet vart registrert. Du vil få eit brev som stadfestar at du er tildelt ny fastlege.

Du kan bytte fastlege inntil 2 gonger pr. kalenderår.

Her kan du lese meir om å endre fastlege

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

• Dersom du ikkje er nøgd med fastlegen din, kan du bruke byteretten. Du har rett til å byte fastlege inntil to gonger per kalendarår.
• Dersom du meiner du ikkje får den nødvendig helsehjelpa frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage på dette til kommuneoverlegen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klaga må du gi ein omtale av kva for forhold klaga gjeld. Du bør opplyse om kva du ønskjer endra, og grunngi dette.
• Kommunen vil kunne gi deg rettleiing. Klaga skal sendast til kommuneoverlegen. Opprettheld kommunen avgjerda si, blir klaga vidaresend til Helsetilsynet i fylket.
• Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettlova også klage til Helsetilsynet over måten sjølve tenesta blir utførd på.
• Klaga skal først sendast til kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at saka om mogleg kan bli  løyst på lågaste nivå.

Kontaktinformasjon

Ål legekontor tlf. 3208 5350

Legevakt tlf. 3208 2488

Annen informasjon

Pris:
Du betaler eigendel.

Nærståande tenester:
Helsetjenestetilbud til flyktninger og asylsøkere
Helsestasjon
Helsestasjon for ungdom

Søkeord

legeteneste, legeerklæring, legetime, legevakt,

legeattest, resept

Publisert
05.02.2009
Sist endra
05.04.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune