Delingsforretning

Omtale

Delingsforretning er utskiljing av ein del av ein fast eigedom. Eigedomen får tildelt eige gards- og bruksnummer.

I ei slik utskiljing inngår ei oppmåling (kartforretning – sjå eigen tenesteomtale). Det er kommunen som har ansvar for å gjennomføre delingsforretningar. Unntaket er delingsforretningar på bruk som ligg under offentleg jordskifte, og som blir behandla av jordskifteretten.

Styraren for delingsforretninga ser til at nye grenser  blir stukne ut i marka i samsvar med løyve frå kommunen. Styraren kan samtykkje i mindre avvik frå det kartet som løyvet er knytta til. Dette vil kunne vere aktuelt når den nye eigedomsdelen elles ville fått ei lite tenleg form ut frå tilhøva i terrenget.

Delingsforretning er trinn 2 i ein saksbehandlingsprosess der trinn 1 går ut på at du må søkje kommunen om løyve til å dele eigedomen ( sjå eigen tenesteomtale).

Målgruppe

Mellom anna desse kan krevje å få gjennomført ei delingsforretning:

  • grunneigar(ar) 
  • den som gjennom rettskraftig dom er kjend som eigar til den delen av eigedomen ein ønskjer frådelt 
  • den som har innløyst festegrunn etter Lov om tomtefeste

Vilkår

Det må liggje føre løyve til deling frå kommunen.

Samarbeidspartnarar

Kommunen kan i enkelttilfelle velje å leige inn til dømes eit landmålingsfirma. Det er likevel kommunen som står ansvarleg for at ei kart- eller delingsforretning blir utført på korrekt måte. Det skal ikkje medføre auka kostnader for rekvirenten om kommunen leiger inn slik hjelp.

Nærståande tenester

Rettleiing

Krav (rekvisisjon) om delingsforretning skal skje skriftleg. Rekvisisjonen skal mellom anna opplyse om:

  • kva som blir rekvirert (delingsforretning, kartforretning over eigedom eller festegrunn, justering av grenser m.v.) 
  • omtale av grensene  
  • eigar- og festeforhold  
  • naboeigedomar

Kommunestyret fastset storleiken på gebyret.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Delingsforretning kan påklagast til Fylkesmannen av dei som blir påverka av vedtaket, så som heimelshavarar, eigarar og festarar . 
  • Det kan klagast over avvising av ein rekvisisjon på delingsforretning eller på sjølve gjennomføringa av delingsforretninga. 
  • Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtaket er mottatt. 
  • Klagen skal sendast til kommunen, som også kan gi rettleiing.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

eigedom, kartforretning, bustadsal, tomt, oppmåling, kjøp, sal, tomtefeste, tinglysing, grunneigar, arv, skifte, frådeling, delingsforretning, utskiljing, landmåling, grenser, tomtedeling
Servicetorget:

Ål kommune, Torget 1, 3570 ÅL

Telefon: 3208 5000
Send e-post til Ål kommune
Opningstider: 09.00 - 15.30

Kart

Søknadsskjema

Rekvisisjon av kartforretning fyller du ut på skjemaet:

Rekvisisjon av kartforretning finn du her  (blankett)

Elektroniske skjema kan ikkje brukast då søknad må vera underskrive.

Torget 1, 3570 Ål  •   Tlf: 32 08 50 00  •   Send e-post til Ål kommune  •  Nettansvarleg: Inger Lervåg