Oppretting av matrikkeleining
Omtale
Ved frådeling av eigedom eller anleggsgrunn, ny festegrunn for meir enn 10 år eller overføring av areal, må det søkjast kommunen om løyve. Eit slikt løyve er trinn éin i saksbehandlingsprosessen etter reglane i plan- og bygningslova.
Trinn to omfattar gjennomføring av ei oppmålingsforretning etter reglane i matrikkellova. Den nye eininga blir då avmerka i terrenget, oppmålt og registrert i matrikkelregisteret med eige gards- og bruksnummer.
Målgruppe
Oppretting av ein matrikkeleining kan blant anna krevjast av:
- den som har grunnboksheimel som eigar av grunneigedom, anleggseigedom
- den som ved rettskraftig avgjerd frå domstolane er kjend som eigar eller festar, eller er tilkjend rett til å krevje at eit bestemt grunnstykke eller anlegg blir oppretta som eiga matrikkeleining
- den som lovleg har teke over grunn eller anlegg ved oreigning (ekspropriasjon)
- den som har innløyst festegrunn etter føresegnene i lov om tomtefeste.
Vilkår
Søknad om løyve til tiltak skal sendast inn ved:
- oppretting av grunneigedom eller anleggseigedom
- oppretting av festegrunn for meir enn 10 år
- overføring av areal frå éin eigedom til éin annan.
Rettleiing
Søknad om løyve til tiltak må fremjast skriftleg.
Det skal nyttast Byggblankett 5154 Søknad om løyve til tiltak. I tillegg skal Statens kartverk sin blankett 705880a Rekvisisjon av oppmålingsforretning for søknadspliktige tiltak etter pbl. § 93 h fyllast ut og leggjast ved søknaden.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
eigedom, tomt, oppmåling, kjøp, sal, tomtefeste, tinglysing, grunneigar, frådeling, utskiljing, landmåling, grenser, tomtedeling, oppmålingsforretning