Byggavfall - kjeldesortering

Omtale

Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld også tiltak som ikkje er søknads- eller meldepliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda av byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning. Kommunen skal godkjenne avfallsplanen før det blir gitt igangsetjingsløyve etter plan- og bygningslova. Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje av dei ulike avfallsfraksjonane som er innleverte.

Målgruppe

Avfallsprodusentar, det vil seie tiltakshavarar (byggherrar) og ansvarleg utførande foretak.

Vilkår

Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna:

  • nybygg over 300 kvadratmeter bruksareal 
  • riving/rehabilitering av bygg over 100 kvadratmeter

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Lover

Rettleiing

Det blir tilrådd å nytte ein mal som Statens forureiningstilsyn har utarbeidd for avfallsplan og sluttrapport. I samband med rehabilitering og riving skal det også lagast ei eiga utgreiing om miljøsanering for farleg avfall.

I avfallsplanen gir du:

  • eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
  • ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast.

Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert. Dette kan vere:

  • ordinær kvittering frå avfallsmottak
  • deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
  • eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass).

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

gjenbruk, gjenvinning, renovasjon, søppel, avfall, kjeldesortering, miljøsanering, resirkulering, retur, avfallshandtering, rehabilitering, riving, farleg avfall, ombygging
Publisert
05.02.2009
Sist endra
22.11.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune