Bygdeutviklingsmidlar - bedriftsretta tiltak

Omtale

Bygdeutviklingsmidlar, som går inn under jordbruksavtalen, skal leggje til rette for næringsutvikling i jordbruket, desentralisert busetnad og gi like vilkår for kvinner og menn.

Bygdeutviklingsmidlar er inndelte i to hovudgrupper:

  • Midlar til utgreiings- og tilretteleggjingstiltak som kommunar, lag og organisasjonar kan søkje på, og som blir forvalta av Fylkesmannen (ikkje nærmare omtalt her) .
  • Midlar til bedriftsretta tiltak som den einskilde gardbrukar kan søkje på, og som blir forvalta av distriktskontora til Innovasjon Norge.

Bedriftsretta tiltak kan vere:

  •  Etableringsstipend (oppstart av tilleggsnæring) 
  • Bedriftsutvikling (vidareutvikling av tilleggsnæring) 
  • Investeringar (m.a. opprusting og nyinvestering i driftsbygningar og bygningar for tilleggsnæring) 
  • Generasjonsskifte (nødvendige tiltak i driftsbygningar mv. i samband med generasjonsskifte) 
  • Praktikantordningar

Målgruppe

Landbruksforetak og foretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket.

Vilkår

Søknaden blir vurdert i høve til dei fylkesvise retningslinjene som er utarbeidde av Innovasjon Norge.

Samarbeidspartnarar

Fylkesmannen utarbeider den regionale strategien for bygdeutviklingsmidlane. Denne strategien dannar igjen grunnlag for dei fylkesvise retningslinjene som distriktskontora til Innovasjon Norge utarbeider.

Nærståande tenester

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing og hjelp til å søkje Innovasjon Norge om bedriftsretta bygdeutviklingsmidlar.

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.
  • Klaga skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.
  • I klaga skal det framgå kva ein ønskjer endra i vedtaket og ei grunngjeving for dette. Kommunen vil hjelpe til med å skrive klaga.
  • Klageinstans er klagenemnda i Innovasjon Norge. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil distriktskontoret til Innovasjon Norge vurdere klagebehandling.
  • Dersom vedtaket står ved lag, vil saka gå vidare til klagenemnda.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

verksemd, etablering
Servicetorget:

Ål kommune, Torget 1, 3570 ÅL

Telefon: 3208 5000
Send e-post til Ål kommune
Opningstider: 09.00 - 15.30

Kart

Torget 1, 3570 Ål  •   Tlf: 32 08 50 00  •   Send e-post til Ål kommune  •  Nettansvarleg: Inger Lervåg