Besøksheim
Endret dato :
16.12.2010 08:51:23
Omtale
Å vere besøksheim vil seie å ta imot barn/ungdom éin eller fleire helgar per månad. Besøksheim er eit friviljug hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim hos dei biologiske foreldra.
Målgruppe
Einslege, par og barnefamiliar.
Vilkår
Det blir ikkje stilt noko krav om formell utdanning for å bli besøksheim, det er dei personlege eigenskapane det blir lagt størst vekt på. Det er viktig at besøksheimen har trygge og stabile vaksne personar som har husrom og hjarterom. Besøksheimen kan gjerne ha eigne barn.
Det blir kravd politiattest.
Rettleiing
Kommunen vil til vanleg avertere etter besøksheim ved behov. Du kan også vende deg til kommunen på eige initiativ.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Annen informasjon
Nærståande tenester:
Fosterhjem
Søkeord
besøksfamilie, avlasting, avlastingsheim, barne- og familievern, barn