Utbyggingsplan - offentlig
Omtale
Kommunen kan utarbeide og vedta utbyggingsplanar som fastlegg arealbruk og utforming av bygningar, anlegg og tilhøyrande uteareal for eit avgrensa område. Grunneigarar, rettshavarar og innbyggjarar har rett til å uttale seg når planen blir laga, og kan klage på vedtak av planen. Kommunen skal derfor:
- offentleg informere om at det skal utarbeidast ein plan, og om korleis medverknad eventuelt kan gå føre seg
- leggje planen ut til offentleg ettersyn
- i begge tilfelle informere grunneigarar og rettshavarar skriftleg dersom det er mogleg
Omfattar planen eksisterande bygningar, skal kommunen leggje til rette for aktiv medverknad frå einskildpersonar og grupper som planen får noko å seie for.
Målgruppe
Grunneigarar, rettshavarar, næringsdrivande og andre som planane får noko å seie for.
Vilkår
Utbyggingsplanar skal utarbeidast for område i kommunen når det i arealdelen av kommuneplanen eller i reguleringsplanen blir stilt krav om ein slik plan for utbygging. Utbyggingsplanar kan gjelde endring av tidlegare vedtekne utbyggingsplanar. For å kunne gjennomføre utbygginga kan det i planen gjerast utfyllingar og endringar i reguleringsplanen og arealdelen av kommuneplanen når dette er innanfor ramma av desse planane. Dersom planen medfører større endringar i høve til arealplan og reguleringsplan, skal den leggjast fram for nabokommunar, fylkeskommunen og statlege fagetatar.
Samarbeidspartnarar
Offentlege etatar og organisasjonar med særleg interesse for utbyggingsplanen skal takast med i førebuingane.
Rettleiing
Nærmare opplysningar ut over kunngjering i media, får du ved å kontakte kommunen, som også kan hjelpe med å utforme merknader eller klager.
Klage
- Det endelege vedtaket i planutvalet kan ankast til Fylkesmannen. Klaga må fremjast innan tre veker frå kunngjering av vedtaket. Klaga kan ikkje gjelde forhold som er blitt avgjorde tidlegare gjennom klage eller innvendingar mot reguleringsplan eller utbyggingsplan. Klaga skal stilast til Fylkesmannen og sendast til planutvalet, som kan revurdere saka eller sende klaga til Fylkesmannen, som avgjer saka. Vedtaket til Fylkesmannen er endeleg.
- Krav om erstatning må fremjast innan tre år etter kunngjering.
Kommunen vil kunne gi råd ved utforming av merknader, klager mv.
Annen informasjon
Andre dokument:
Dokumentasjon med plankart og ev. føresegner for formålet, omtale, teikningar mv. følgjer saka ved offentleg ettersyn.
Nærståande tenester:
Reguleringsplan - offentleg
Reguleringsplan - privat
Utbyggingsplan - privat
Søkeord
Reguleringsplan, arealplan, byggjesak, bustadbygging, bygging, arealbruk, bygningar, anlegg, uteareal, grunneigar, rettshavare