BPA- Brukarstyrt personleg assistanse

Omtale

Illustrasjonsteikning av ungar i leik

Tenesta omfattar praktisk og personleg hjelp i dagleglivet for funksjonshemma.  Tenesta kan organiserast på 2 ulike måtar;

1) Du er sjølv arbeidsleiar og har ansvaret for tenesta
2) Kommunen er arbeidsleiar


Dersom du sjølv er arbeidsleiar, kan du i prinsippet og innanfor dei rammene som vedtaket gjev (oppgåver og tid), styre kven du vil ha som hjelpar(ar), kva assistenten(ane) skal gjere, og kvar og til kva for tider hjelpa skal givast. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv trass i  funksjonsnedsettinga.

Målgruppe

• Funksjonshemma som har eit samansett og omfattande behov for tenester, og som er i stand til å leie assistenten (ha arbeidsleiarrolla for deg sjølv eller andre).
• Funksjonshemma som har eit samansett og omfattande behov for tenester, men som ikkje kan ivareta arbeidsleiarrolla sjølv
• Familiar med barn med nedsett funksjonsevne.

Vilkår

Personar som ikkje kan ta omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla.  Det er krav til opplæring/kursing for å ivareta arbeidsleiarrolla.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste etter sosialtenestelova.

Sosialtjenesteloven § 4-2

Retningslinjer:
Brukerstyrt personlig assistanse (BPA) ... (rundskriv)

Rettleiing

Servicetorget eller pleie-og omsorgstenesentene kan gi hjelp til å søkje om brukarstyrt personleg assistent.
Dersom ein annan søkjer i ditt namn, må vedkomande ha fullmakt.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Klage

• Klage over vedtaket skal sendast til tildelingsteamet og deretter til Helsetilsynet i fylket. 
• Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. 
• Klagen skal oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for dette. Tildelingsteamet/saksbehandlar vil kunne gi rettleiing. 
• Klagen skal sendast tildelingsteamet. Held kommunen fast på avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Mottakaren av helsetenester kan også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast tildelingsteamet eller direkte til tjenesteytaren, slik at saka kan bli løyst på lågaste nivå.

Kontaktinformasjon

Pleie- og omsorgskontoret tlf. 3208 5229

Avdelingsleiar heimetenestene tlf. 3208 5241

Avdelingsleiar Prestegardsjordet tlf. 3208 5483/3208 5476

Annen informasjon

Søkeord

personleg assistent, avlasting, avlastning, støtte

Publisert
05.02.2009
Sist endra
05.04.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune