Tilskot frå Miljøverndepartementet 2010
Miljøvernstyresmaktene set årleg i verk ei rad tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg.
For å stimulere til ein brei medverknad gir Miljøverndepartementet ymse former for stønad og tilskot til tiltak som blir sette i verk av kommunar, organisasjonar og private verksemder og -personar. Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern, forureining og universell utforming.
Rundskriv T-1/07 gir ei orientering om Miljøverndepartementet sine tilskotsordningar som er opne for søknad frå kommunar og interkommunale organ, lokale, regionale og lokale organisasjonar og lag, einskildpersonar, private verksemder og forskingsorganisasjonar.
Det blir gitt ei nærare omtale av kva for retningsliner, søknadsfristar, kriterium o.a. som gjeld for den einskilde tilskotsordninga i rundskrivet. Nærare råd og rettleiing kan ein og få ved å ta kontakt med fylkesmannen og fylkeskommunen.
Les Miljløverndepartementets rundskriv om tilskotsordningar for 2010 her.
Søknadsfrist via Ål kommune er 15. desember