Gards- og grendevegar

Ål kommune gir tilskot til drift og vedlikehald av private gards- og grendevegar
Vegstyret får automatisk overført tilskotet ein gong i året. Viss det er endringar i veglengde eller kontonummer, ver snill og gje skriftleg melding om det.
Liste over gardsvegar som får tilskot
Reglar for tilskot
1.
Tilskotsordninga omfattar berre gards- og grendevegar som tener som atkomstsveg for fastbuande folk.
Turistvegar, stølsvegar, skogsvegar m.m. kjem ikkje inn under tilskotsordninga.
2.
Tilskotet skal gjelde for både sumar- og vintervedlikehald. Det er føresetnad for tilskot at vegen blir halden i stand som heilårs bilveg.
3.
Vegar med meir enn ein brukar må etablere ansvarleg vegstyre med eigen kasserar. Kommunen v/servicetorget må få melding om namn på kasserer og kontonummer i banken.
4.
Rådmannen har delegert fullmakt til å forvalte ordninga etter dei til ei kvar tid gjeldande retningsliner og tilskotssatsar fastsett av kommunestyret.
5.
Rådmannen avgjer kva vegar som skal takast inn i tilskotsordninga, etter søknad frå eigar/vegstyre. Er det ingen endring, treng ikkje søknad sendast inn for kvart år
6.
Alle veglengder skal avgjerast ved nøyaktig oppmåling. Ål kommune har rett til å kontrollere at oppmålinga er rett.
7.
Om eit gardsbruk har forskjellig tilkomstveg til våningshus og driftsbygning, skal det berre gjevast tilskot til ein veg. (Den med lengst avstand til huset.)
Også i dei høve det er skilnad på veglengde til våningshus og driftsbygning, skal tilskot reknast etter den lengste avstanden.
8.
Tilskot vert gjeve etter den meter-sats som kommunestyret til ei kvar tid fastset. Minste veglengde for å få tilskot er 220 m. Det vert ikkje gjeve tilskot for dei fyrste 100 m for kvar veg.
Tilskotssatsar
Det vert utbetalt kr 5.- pr lengdemeter.
Fråtrekk for dei fyrste 100 meter av vegen.
Minste veglengde det vert gjeve tilskot for er 220 m.