Jordbruksfond

Søknadsfrist: 1. mars, 15. mai, 1. august og 15. oktober

Bilete av høygaffel

Føremål
Jordbruksfondet i Ål kommune skal nyttast til å stimulere og utvikle jordbruket i kommunen. Tilskot kan gjevast til tilskot til einskildpersonar som har landbruk som yrke, eller til fellestiltak som har til føremål å fremja landbruksnæringa i Ål. Tiltaka skal liggje innanfor ramma av det ein i vidare tyding definerer som landbruksnæring, jfr. mål og strategiar i Strategisk næringsplan for Ål kommune. Slike tiltak må ikkje gå ut over dei til ein kvar tid gjeldande retningsliner for statlege tilskot og investeringslån.

Målgruppe
Alle bønder og faglag i Ål kan søke.

Vilkår
•Tilskotet skal i vanlegvis ligge mellom 10 og 30 % av kostnadsoverslag - men kan unntaksvis gjevast med opp til 50 % for fellestiltak og prosjekt som har sers mykje å seie for sysselsetting - og tiltak som minkar forureining.
•Omsøkt tiltak må til vanleg vise til minst 20 % eigenkapital.
•Normalt blir det ikkje gjeve tilskot til investering i lett omsetbare produksjonsmidlar, driftsmidlar eller lokale til utleigeverksemd.
•Tilskot skal ikkje gjevast til drift av privat næringsverksemd eller til sanering av gjeld.
•Normalt blir det ikkje gitt utlån til privat næringsverksemd frå næringsfondet.
•Tilskot vert elles gjeve på vilkår av at søkjaren har nytta utarbeidd søknadsskjema, og der underteikna på vilkår om attendebetaling ved feilinformasjon, endra føresetnad og /eller nedlegging/salg av verksemda innan 3 år.

Saksgang
•Det er 4 søknadsfristar i året: 1.mars, 15.mai, 1. august og 15. oktober.
•Søknad vil normalt bli handsama i fyrste formannskap og kommunestyre etter søknadsfristen så sant ikkje møtedato er mindre enn 14 dagar etter fristen.
•Krav til søknadsinnhald, vedlegg m.v. kjem fram av søknadsskjemaet og eigne retningsliner for bruk og utbetaling av jordbruksfondet. Tilleggsopplysningar kan gjevast på eige vedlegg.
•Fyrste halvpart av tilskotet kan utbetalast når prosjektkostnadane er komen opp i ca. halvparten av dei budsjetterte kostnadane. Siste halvpart av tilskotet vert utbetalt når prosjektet er fullført og kostnadane kan dokumenterast.
•Klage på vedtak skal sendes formannskapet for ny handsaming. Dersom det held fast på vedtaket blir klaga oversendt til Klagenemnda.
•Klagefristen er 3 veker.

Det er søkjar sin plikt å gje rette opplysningar i søknaden og å fylgje retningslinene og vilkåra som gjeld ved utbetaling av tilskot.
Det er søkjar sin rett å få svar på kven som er sakshandsamar og når dei kan forvente å få handsama søknaden.

Det er mogleg å avtale møte med sakshandsamar dersom det er spørsmål eller det er ønskeleg å presentere innhaldet i søknaden. Sakshandsamar i kommunen kan gje generell rettleiing og informasjon om det offentlege verkemiddelapparatet. Råd om konkret forretningsutvikling blir ikkje gitt og må innhentas hjå andre rådgjevarar. All etablerarrettleiing blir gitt i samarbeid med Hallingdal Etablerarsenter.

Sakshandsamar vil når det trengs kontakte søkjaren og evt. andre relevante personar/miljø for tilleggsopplysningar (Innovasjon Noreg, rekneskapsførar/revisor, bank med meir).

Publisert
08.11.2007
Sist endra
06.04.2010
Publisert av
Reidun Aaker

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune