Fiskefond

Tilskot frå fiskefondet kan løyvast til tiltak for å betre fisket i vassdrag i Ål. Pengane kjem frå kraftutbygging.
Føremål
Avkastinga av fondet (omlag kr 15 000 årleg) skal vere øyremerkt kultiveringstiltak for betring av fiske i vatn og vassdrag i Ål kommune.
Målgruppe
Rettshavar, og andre i samarbeid med rettshavar.
Vilkår
Det kan gjevast tilskot inntil 40% av kostnadsoverslaget for tiltaket. Tilskot vert elles gjeve på vilkår av at søkjaren har nytta utarbeidd søknadsskjema, samme skjema som til næringsfondet.
Tilskotet vert utbetalt etter Retningsliner for bruk og utbetaling av Næringsfondet i Ål.
Tilskotet vert utbetalt etter at tiltake er gjennomført.
Saksgang
Søknad på tilskot frå fiskefondet vert handsama av Vilt og innlandsfiskenemda. Søknad vert å sende Ål kommune Utviklingsavdelinga. Om ikkje saka kan handsamast innan 3 veker skal søkjar ha melding om forventa handsamingstid. Det er 4 søknadsfristar i året: 1. mars, 15. mai, 1 aug. og 15. okt.
Sakshandsamar vilt og fisk: Anders Guton Halland, tlf nr 32 08 50 00.