Bilete av ovn
Bilete av ovn

Energitiltaksfond - Ål kommune

Søknadsfrist 1. januar.

Ål kommune vedtok i kommunestyremøte den 16.06.2005 å opprette eit energitiltaksfond.
Fondet skal gå til å støtte tiltak som reduserer bruken av elektrisk energi hjå vanlege forbrukarar i kommunen, ikkje i større kommunale bygg. I tillegg skal fondet fremje bruk av lokale, fornybare råstoff. 

Det vart løyvd kr.1.000.000,- til fondet.

Framtidig avsetjing til fondet skal kome frå overskot frå Ål Kraftverk KF.

Kommunestyret vedtek  for kvart år ved avslutningen av reknskapen til Ål Kraftverk KF bruk og avsetjing til fondet etter framlegg frå styret i Ål Kraftverk KF. 

Privatpersonar med eigedom brukt til fast busetnad, organisasjonar og bedrifter lokalisert i Ål kommune kan søkje.
Tiltak ved kommunale eine- og tomannsbustader kan også få stønad.  

Vedtektene blir rullert kvart 2. år, der statistikk for bruk og effekt av energitiltaksfondet blir lagt fram. 

 
 
 
Sist publisert
06.11.2014
Publisert av
Inger Lervåg

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune