Transportteneste for funksjonshemma (TT-teneste)

Ei teneste som skal gjere funksjonshemma meir mobile.

Teikning av taxi

Transportteneste er ei fylkeskommunal teneste. Den tilbyr skyss med drosje frå dør til dør for innbyggjarar som ikkje kan eller har vesentlege vanskar med å nytte ordinær kollektivtransport.

Søknaden
Alle som søkjer på TT-ordninga må sende med BILDE OG LEGEERKLÆRING.

Funksjonshemminga må vare over eit år. Søknaden blir behandla av ei tildelingsgruppe med 3 fagpersonar frå helse- og sosialsektoren. Søknadsfrist er 1. februar kvart år.
Søknaden sendast til Ål kommune, servicetorget, 3570 Ål.
Meir informasjon og søknadsskjema får ein på servicetorget eller du kan laste det ned her:søknadsskjema

Her finn du meir informasjon om tenesta

Klage
Søkjaren kan klage på vedtaket. Klagefrist er 3 veker. Klientutvalet er klageinstans

 

 

Publisert
08.11.2011
Sist endra
10.01.2012
Publisert av
Turid Hilde Gåsbakk

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune