Bustønad
Bustønad er ei statleg økonomisk stønadsordning som blir administrert av Husbanken og kommunane. Formålet med ordninga er å hjelpe eldre, uføre og barnefamiliar med svak økonomi å skaffe seg eller bli buande i ein god og teneleg bustad.
Søknadsfrist
14. i kvar månad
Vedtak og utbetaling
ca. 10. i månaden etter
Søknadsskjema
Søknaden skal sendast inn på eigen blankett som ein får på servicetorget. Viss søknad om bustønad blir innvilga ved ordinært vedtak, er det ikkje nødvendig å søkje på nytt. Unntak er der søkjar er registrert flytta i løpet av terminen. Søknadsskjema: www.husbanken.no.
Du kan søkje bustønad elektronisk via internett. Dette kan gjerast ved å gå inn på internettadressa: www.altinn.no. Fyrste gong går du inn i Altinn ved hjelp av fødselsnummer og eingangskoder. Eingongskoder finn du i sjølvmeldinga eller på skattekortet ditt. Du kan og bestille dei frå Altinn.
Klage
Søkjaren kan klage på vedtaket. Klagefrist er 3 veker. Søkjaren kan få hjelp til å skrive klagen på servicetorget som sender denne til Husbanken.
Informasjon om tenesta
Informasjon og søknadsskjema får du ved å vende deg til Ål kommune, servicetorget, tlf. 32 08 50 00. Du kan og gå inn på Husbanken si nettside, www.husbanken.no.