SFO 2011/2012
Organisering av skuleveka
1.-2. årstrinn går på skulen:
- måndag, tysdag, torsdag og fredag
- har fri på onsdagar
- skulen startar kl.08.30 alle dagar. Tilsyn ute frå kl 08.00
- måndag, torsdag og fredag sluttar alle elevane kl.14.15
og tysdag kl. 13.15
3.- 7. årstrinn har
- fem skuledagar i veka
- skulen startar kl. 8.30 alle dagar. Tilsyn ute frå kl 08.00
- måndag, tysdag og torsdag sluttar alle elevane kl. 14.15 og fredag kl. 13.15
- skuletid til kl.12.55 på onsdagar
SFO-tilbodet
Skulen ynskjer å tilby SFO frå kl 07.30-08.30 og frå skuleslutt til kl 16.30 alle dagar. Tilbod på onsdag vert gjeve dersom det melder seg nok elevar.
Etter vedtektene for SFO må det vere minst 5 påmeldte for at tilbodet vert oppretta. Dersom det er for få påmeldte til å opprette SFO på morgonen, kan det vere mogleg å få til eit samarbeid med Nordbygdene barnehage.
Kryss av på den elektroniske søknaden for aktuelt tidspunkt før og etter skuletid, evt. heil dag.
Den elektroniske søknaden gjeld SFO på skulen sine ordinære dagar. SFO er ope i 38 veker + planleggingsdagar i skuleåret, ordninga fylgjer elles skuleruta.
Eventuell leksehjelp er lagt inn i denne tida, og går til fråtrekk frå opphaldstida.
SFO ved Leveld skule har samarbeid med Torpo og Sando skular i feriar evt. med Nedre Ål skule. Tilbod om SFO i feriar og på skulen sine fridagar vil bli sendt ut seinare.
Oppseiingfrist eller frist på reduksjon av SFO- plassen er ein månad, og blir rekna frå den 1. i påfylgjande månad. Ved oppseiing etter 1. april, må foreldra betale for plassen fram til sommarferien. Oppseiinga skal meldast elektronisk frå heimesidene til Ål kommune.