SFO 2011/2012
Organisering av skuleveka
Elevane på 1.-4. trinn har 5 skuletimar kvar dag frå kl 09.00 til 13.40.
Tilbod om SFO
Opningstid for SFO ved Nedre-Ål skule er
- kl 07.15-09.00 og 13.40- 16.15
- 5 dagar i veka i perioden 18. august 2011 til 19. juni 2012.
Påmeldinga til SFO gjeld alle skuledagar og dei 2 planleggingsdagane i løpet av skuleåret (14. november 2011 og 2. januar 2012).
Av omsyn til budsjettet for SFO er det same påmeldingstid og oppseiingsordning som for Ål Kulturskule. Denne påmeldinga gjeld såleis for heile haustsemesteret (fram til årsskiftet).
Dei som ikkje ynskjer å ha SFO-plass vårsemesteret 2012 må innan
1. desember skriftleg melde frå om det.
Kryss av på den elektroniske søknaden for aktuelt tidspunkt før og etter skuletid. Eventuell leksehjelp er lagt inn i denne tida, og går til fråtrekk frå opphaldstida.
Den elektroniske søknaden gjeld SFO på skulen sine ordinære dagar. Tilbod om SFO i feriar vil bli sendt ut seinare.
Til orientering: Me har tilbod om sfo i haustferie, vinterferie og 4 veker om sommaren (2 etter skuleslutt og 2 før skulestart). Det er eigen påmelding til ferie-sfo, og det vil koste 125 kr pr dag pr barn.
Betalingssatsar:
Me vonar me kan ha desse satsane skuleåret 2011/2012:
|
Timar pr veke
|
0 - 6
|
6:15 - 10
|
10:15 - 16
|
Over 16.15
|
|
Pris
|
600,-
|
950,-
|
1500,-
|
1800,-
|
På bakgrunn av innmeldt behov i hovudopptaket, vert endelege betalingssatsar fastsett. De vil få melding om endelege betalingssatsar i samband med tildeling av SFO-plass.