SFO er, gjennom opplæringslova, ei lovpålagt oppgåve for kommunen og er eit frivillig tilbod for elevar på 1. - 4. trinn og for barn med særskilde behov på 1. - 7. trinn. Kommunen er pålagt å opprette ei ordning, men kan sjølv utforme og leggje til rette for ei ordning som er tilpassa tilhøva i kommunen. T.d skal kommunen berre ha eit tilbod i den grad det er etterspurnad etter SFO. Dersom det ikkje er etterspurnad etter SFO før skuletid, men berre etter, pliktar kommunen å tilby plassar berre etter skuletid. Det er ikkje lovpålagt at det skal gjevast tilbod om SFO i feriar.
Opplæringslova slår fast at kommunen kan krevje alle utgifter til SFO dekt gjennom foreldrebetaling. I Ål vert ein sum tilsvarande eit tidlegare statstilskot overført til skulane og er med på redusere andelen på foreldrebetalinga.
På bakgrunn av dette er det vedteke ei ordning i Ål der SFO er organisert slik at kvar skule dimensjonerer sin eigen SFO utfrå behovet. Kvar einskild skule fastset åpningstid og foreldrebetaling på bakgrunn av innmeldt behov. Utgangspunktet for SFO neste år er difor dei søknadane som kjem inn i hovudopptaket. Etter vedtektene for SFO, skal det vere minst 5 elevar påmeldt for at det skal bli oppretta eit tilbod.
På bakgrunn av innemeldt behov i hovudopptaket, lagar skulane eit budsjett og fastset endelege betalingssatsar. I hovudopptaket er det stipulert ein sats som eit utgangspunkt, men denne vert altså endeleg fastsett i samband med budsjettet. Dei endelege satsane og åpningstidene vert sendt ut i samband med svar på søknaden.