SFO - Skulefritidsordning

Skulefritidsordninga (SFO) skal vere eit tilbod før og etter skuletid, samt på dei undervisningsfrie vekedagane for barn på 1. - 4. trinn. SFO skal også vere eit tilbod for barn med spesielle behov på 1. - 7. trinn.

SFO skal vere ein trygg stad for barna å vere utover skuletida, gje barna omsorg og tilsyn, samt leggje til rett for leik, kultur- og fritidsaktivitetar.

Det er knytta SFO til alle barneskulane i Ål. SFO i Ål er organisert slik at kvar skule dimensjonerer sin eigen SFO utfrå behovet. Kvar skule fastset på den måten åpningstider og foreldrebetaling. Utgangspunktet for neste års SFO er difor dei søknadane som kjem inn i hovudopptaket. Søknadsfristen til hovudopptaket er 1. mars og søknaden skal sendast elektronisk.

Publisert: 23.08.2010
Sist endra: 08.09.2010

Kontakt oss:

Ål kommune, servicetorget
Telefon: 3208 5000
Opningstider: 09.00 - 15.00

E-post

Torget 1, 3570 Ål  •   Tlf: 32 08 50 00  •   Send e-post til Ål kommune  •  Nettansvarleg: Inger Lervåg