Pedagogisk plattform

Elevane:
Alle elevar skal få like moglegheiter til å utvikle evner og anlegg individuelt og i samarbeid med andre. Tilpassa opplæring.
Elevane må øvast i å verta sjølvstendige, kunne samarbeide, ta ansvar, ha gode arbeidsvaner, tileigne seg kunnskap, såvel fagleg som sosialt, og vise omsorg og toleranse for kvarande.

Læringsmiljøet:
Kunnskapsløftet, generell del, utdjupar verdigrunnlaget og menneskesynet som skal liggje til grunn for opplæringa. Læringsmiljøet må vera ope, trygt og inkluderande. Det må visast respekt og omsorg for alle. Læringsmiljøet skal vera slik at det styrker sjølvkjensla til den einskilde elev. Meistring blir her eit nøkkelord.

Lærarrolla:
Undervisningspersonalet skal ha ein god arbeidsplass. I arbeidet sitt er alle forplikta til å fylgja Læringsplakaten i Kunnskapsløftet.

Skulen si rolle:
Læringsplakaten kan vere eit utgangspunkt for analyse og vidareutvikling av skular som lærande organisasjonar. Slik kan det vera eit godt grunnlag for arbeidet med skulebasert vurdering og kvalitetesvurdering både for skuleeigar, skuleleiing og lærarar.

Det vaksne miljøet:
Personalet på skulen og SFO skal gjere sitt for å få til eit ope og inkluderande arbeidsmiljø, slik at alle kjenner seg trygge og respekterte.

Publisert
15.04.2008
Sist endra
29.09.2010
Publisert av

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune  

Snarveier