Ål ungdomsskule
Ål ungdomsskule var ferdig ombygd hausten 2007.
Elevar og tilsette tok skulen i bruk tysdag 6. november.

Ombygginga
tok til i januar 2007 og vart gjennomført på om lag 10 månader. Veidekke har utført det bygningsmessige arbeidet og koordinert prosjektet.
Elektroservice Hallingdal har stått for alt det elektriske, OK-Ventilasjon har ansvar for eit avansert inneklimaanlegg og VITO har vore røyrleggjar.
Nytt bygg innanfor ytterveggane
Utvendig legg ein merke til ny glasfasade mot vegen og ny hovudinngang. I tillegg er det nye vindauge og nytt tak på heile bygget. Innvending er ungdomsskulen ikkje til å kjenne att. Heile bygget på 3500 kvm har blitt fornya. Det er lyse veggar, friske fargar og ny innreiing. Interiørarkitekt Bjørg Hatteland Lindahl har vore engasjert til farge- og inventarval.

Inndelinga i av skulen
Fagrom til kunst og handverk, naturfag, musikk og mat og helse er samla i underetasjen.
I underetasjen er det og eit auditorium med 70 sitjeplassar. I 1. etasje er det to elevavdelingar, kantine og bibliotek. I 2. etasje er det elevavdeling, kontor og personalrom.

Elevavdelingane
8., 9. og 10. trinn har kvar si avdeling med eigen inngang og garderobe.
I elevavdelingane er det klasserom, storrom og grupperom. Desse er innereia slik at ein kan nytte ulike arbeidsformer, frå klasseromsundervisning til små og store grupper. Lærarane som arbeider på trinnet har arbeidsrom i det same arealet.

No gjenstår det for elevar og tilsette å vise at ny skule gir ny giv, betre læring og betre trivsel for dei som veks opp i Ål. Vi er stolte av skulen. Den tilhøyrer oss alle!!