Språk- og leseplan Hallingdal 0-16 år

- eit samarbeid mellom barnehage, skule, helsestasjon og bibliotek

Illustrasjonsteikning ungar og bøker

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Barnehage- og skuleeigar har eit særleg ansvar for å sikre at barnehagane og skulane arbeider systematisk og planmessig med språkstimulering og leseopplæring. På bakgrunn av dette har Hallingdalskommunane utarbeidd ein felles språk- og leseplan. Vidare fylgjer informasjon om denne planen som alle skular og barnehagar i Ål skal arbeide etter.

Helsestasjon, barnehage, skule og bibliotek er alle viktige aktørar når det gjeld språkstimulering og leseopplæring. Saman med heimane har dei ansvar for at barn får moglegheit til å utvikle eit godt talespråk og gode ferdigheiter i lesing.

Rammeplan for barnehagen og læreplanen Kunnskapsløftet gjev klare føringar og mål for arbeidet med språk, kommunikasjon og ulike typer tekst. Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehagen sitt innhald. Skulen skal byggje vidare på det arbeidet som barnehagen har starta opp, og leseopplæringa i skulen skal foregå i alle fag og på alle trinn.

For å sikre at det vert heilheit og samanheng i språk- og leseopplæringa, har kommunane i Hallingdal valt å lage ein plan som gjeld for heile læringsløpet frå 0-16 år. Planen skal vere eit grunnlag for det daglege arbeidet med språkstimulering og lesing i barnehage og skule, og den skal trekkje linjer frå dei overordna måla til det praktiske arbeidet.

Planen er delt i ein barnehagedel, 0-5 år, og ein skuledel, 1.-10.trinn, og den er strukturert i hovudområda: lytte/forstå, uttrykkje seg munnleg, lese og skrive. Det er laga eigne oversyn over samarbeid med bibliotek og helsestasjon. Planen har lagt opp til at det skal vere fokus på gode overgangar mellom barnehage og skule og mellom klassetrinn.

Planen vert ikkje lagt ut elektronisk, men spørsmål om planen kan rettast til barnehagane og skulane i kommunen.

Publisert
18.03.2010
Sist endra
18.03.2010
Publisert av
Inger Lervåg

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune  

Snarveier