Strategisk Næringsplan for Ål

 Sundreberget. Foto: Ole Johs Brye


Den første strategiske næringsplan for Ål kommune vart skrive for perioden 2001-2004 og den neste for 2005-2008. Bakgrunnen er at det er viktig for Ål kommune å ha eit dokument som viser kva me ønskjer å prioritere i åra framover for å nå dei måla me set innafor næringsutvikling.

Strategisk næringsplan (SNP)for åra 2009-2012 vart vedteken i kommunestyret 20/11 08.

Sjå Strategisk Næringsplan for Ål 2009-2012 her

SNP skal vera eit styringsverktøy for ein heilskapleg næringspolitikk og vera grunnlag for dei prioriteringar det kommunale tiltaksapparatet gjer i planperioden. I tillegg gir det aktørane innafor næringslivet signal om kva for prioriteringar kommunen legg til grunn for vidare utvikling.

Næringslivet er med å leggja basis for SNP gjennom fleire høyringsrundar. Ål kommune definerar si rolle til å vera med å leggja til rette for utvikling på dei områda som er vedteke i denne planen. Dette vert gjennom økonomisk støtte, rådgjeving om anna finansiering, god sakshandsaming og gode plan- og rammeverk.

 

Strategisk næringsplan 2001.pdf
Strategisk næringsplan 2005.pdf

Publisert: 13.05.2008
Sist endra: 24.08.2010
Oppretta av: Are Fosse
Servicetorget

 

Ål kommune
Torget 1, 3570 Ål

Telefon: 3208 5000
Send e-post til Ål kommune

Torget 1, 3570 Ål  •   Tlf: 32 08 50 00  •   Send e-post til Ål kommune  •  Nettansvarleg: Inger Lervåg