Reguleringsplanar - saksgang
Private som ynskjer å byggje ut i eit område pliktar å utarbeide reguleringsplan dersom det er gitt føresegner om dette i overordna plan (kommuneplan, kommunedelplan, reguleringsplan). Ein reguleringsplan inneheld eit eller fleire kart med eventuelt tilhøyrande føresegner. Lovverket er plan- og bygningsloven
Føremål:
Føremålet med ein reguleringsplan er å fastsetje i detalj korleis arealet innanfor planområdet skal utnyttast eller vernast. Prosessen rundt planarbeidet er viktig. Alle partar og andre offentlege instansar skal høyrast før planen vert godkjent.
Målgruppe:
Private som ynskjer å byggje ut i eit område.
Vilkår:
•Utbyggingsføremålet må vere i tråd med overordna plan (kommuneplan, kommunedelplan, reguleringsplan).
•Plan må utarbeidast av fagkyndig (person som har forståing av plansystemet, planprosess, plankart, føresegner, planleggingsverktøy).
Saksgang:
Utbyggjar må knytte til seg fagkyndig person.
•Utbyggjar må kontakte sakshandsamar/ arealplanleggjar på Utviklingsavdelinga for avtale om førehandskonferanse.
•Om det er tvil om planarbeidet bør startast, bør spørsmålet føreleggjast sektorutval for teknisk/ næring/ ressurs (STNR).
•Når det kjem inn eit privat framlegg til reguleringsplan, skal STNR snarast mogleg og innan 12 veker handsame planframlegget. Dette under vilkår at planen er i tråd med reglane i plan- og bygningslova.
•Sakshandsamingstid frå planen vert handsama i STNR fyrste gong til planen er eigengodkjent er normalt frå 5 – 12 månadar, avhengig av innhald og konfliktar i planen.
•Planvedtaket kan påklagast. Klagefristen er 3 veker.
Gebyr:
Her finn du betalingssatsar for reguleringsplanar
Digitale data:
Når planen er vedteken av kommunen, skal oppdatert kart og føresegner leverast kommunen som digitale SOSI - koda data.
Rettleiing:
•Det er utbyggjar sin rett å få svar på dei overordna føringane for det aktuelle området, kven som er sakshandsamar og når dei kan forvente å få handsama planen.
•Det er utbyggjar sin plikt å få utarbeidd ein plan som er i tråd med reglane i plan- og bygningsloven om Reguleringsplan.
•Det er ynskjeleg at det vert avtala ein førehandskonferanse med sakshandsamar før planarbeidet startar. Dette for å få på banen føringane for planen. Sakshandsamar i kommunen kan gje generell rettleiing og informasjon om plan og prosess.
•Betalingssatsane for handsaming av reguleringsplanar/bebyggelsesplanar, jf. betalingssatsar for Ål kommune.
For meir informasjon kontakt:
sakshandsamar: Trond-Erik Buttingsrud, tlf nr: 32 08 50 85
arealplanleggjar: Torstein Haug Hagen, tlf nr: 32 08 50 64