Som bakgrunn for arbeidet med rullering av arealdelen har det vert naudsynt å samle inn og kartfeste informasjon. Då planarbeidet starta i 2006 mangla Ål kommune oversikt over det meste av informasjon om fjell- og hytteområda. Det beste kartgrunnlaget Ål kommune hadde var økonomisk kartverk (øk) frå 1992. I tillegg var eigedomsbasen oppdatert. Utanom dette hadde Ål kommune lite oversikt over andre tema.
Skanning av reguleringsplanar


Reguleringsplan for Nilsehovda. Fleire reguleringsplanar i området.
Dokument som syner alle regulerings- og bebyggelsesplanar i Ål.
Ål kommune har omlag 130 godkjente regulerings- og bebyggelsesplanar. Mange av desse er for hyttefelt. For å få ein oversikt over planane, føresegnene til desse og korleis dei ligg i høve til kvarandre blei planane skanna inn og lagt i ei digital base hausten 2006/våren 2007. På Hallingkart kan ein sjå desse planane saman med anna kartverk. Inne på Hallingkart må du vidare trykke på linken regulerings- og bebyggelsesplanar. Du finn oversikt over den enkelte plan ved å gå inn i planarkivet for Ål kommune.
Disposisjonsplanar

Bilete som syner disposisjonsplan nr 159, Torsbu hyttegrend.
Ål kommune har 34 godkjente disposisjonsplanar. Desse er gjeldande etter dagens arealdel. Planane er nå digitalisert og planane ligg i framlegg til ny arealdel som eksisterande byggjeområde. Planane vil bli oppheva som eigne planar. Eventuelle føresegner vil bli teke inn i ny arealdel.
Dokument som syner oversikt over alle disposisjonsplanar i Ål.
Her kan du lese meir om disposisjonsplanane.
Tabell som syner oversikt over alle godkjente disposisjonsplanar i Ål.
Ortofoto

Biletet syner ortofoto kombinert med eigedomsgrenser.
I juli 2006 vart det teke nye flybilete over Hallingdal. Flybileta vert brukt i konstruksjon av nye kart. På Hallingkart kan du sjå flybileta kombinert med andre kartdata. I arbeidet med rullering av arealdelen har ortofoto vært viktig for å sjå korleis området ser ut i dag.
Temakart landbruk
Her vert det arbeidd med å leggje ut informasjon.
Friluftsliv
Kart som syner oversikt over skiløyper i Ål i 2007.
Materialkvalitet
Kart som syner oversikt over grusressursar i Ål.
Grunnvasspotensiale
Kart som syner oversikt over grunnvasspotensiale i Ål.
Infiltrasjonsområde
Kart som syner oversikt over egnethet for infiltrasjon av avlaupsvatn i Ål.
Urørt natur
Kart som syner oversikt over urørt natur i Ål.
Vilt og biologisk mangfald
Dei kommunale temakart innanfor vilt og biologisk mangfald som er brukt til arbeidet med rullering av arealdelen av kommuneplan er utarbeida før rulleringa tok til. Kommunen har følgjande temakart: Kartlegging av biologisk mangfald, utarbeida i 2003. MiS (miljøregisterringar i skog), utarbeida i 2005. Viltkart, utarbeida i 2003. Kart over hovudtrekk for elg, utarbeida ca. 2001
Det er viktig å merke seg at fleire av karta som inngår i grunnlaget for vurdering, har avgrensingar. Dette har bakgrunn i metoden som er nytta ved utarbeiding av karta. Eksemplar på dette er: viltkartet for Ål baserar seg på innsamling av eksisterande informasjon, det er ikkje kartlagt biologisk mangfald i produktiv skog etc. Dette inneber at det vil vera mykje viktig arts informasjon som ikkje er registrert i kommunens temakart. Temakarta kan derfor ikkje brukast til å avkrefte konflikt mellom utbygging og naturverdiar, bare bekrefte konflikt der kommunen har registreringar.
Følgjande tema har vore vektlagt i planarbeidet.
Ein skal unngå inngrep;
1. i urørte naturområde, jf nasjonale føringar.
2. over tregrensa, jf nasjonale føringar
3. i våtmarksområde
4. som kjem i konflikt med kommunens registreringar i temakarta (viltkart, biologisk mangfald registreringar, MiS kartlegging, hovudtrekk for elg).
Ein skal særleg ta omsyn til:
1. vinterbeite for villrein
2. trekkvegar for elg og villrein
3. større samanhengande leveområde for viltet
4. overordna planar og vedtekter (kommunedelplan for villrein, vassbruksplan for Ål,)
Villrein:
Noreg er i dag det einaste landet i Europa som har restar av den opphavlege ville fjellreinen. Me har derfor eit særskilt ansvar for å ta vare på desse dyra. Reinen er det einaste hjortedyret som lever av lav om vinteren. Reinen lagrar opp fett om sommaren og hausten, og bruker av dette fette utover vinteren. Uro om vinteren kan føre til at reinen får for lite tid til beiting og kvile. Dette gir svakare dyr og dårligare vilkår for kalvane.
Ål høyrar til Nordfjella villreinområde. Reinen i Nordfjella har sine viktigaste vinterbeiteområder i Ål og Hol. Villreinen har vore jakta på i Nordfjella sidan siste istid for om lag 10 000 år sidan. Den er derfor svært sky. I dei områda som reinen stadig kjem i konflikt med menneskeleg aktivitet vil den etter kvart slutte å bruke. Me får då ein unnvikelseseffekt. For kommunen er det derfor ikkje ynskjeleg med utbygging som vil føre til auka ferdsel i LNF-villreinområdet. Det er viktig at den auka trafikk frå utbyggingsområda vert kanalisert til andre stader enn villreinområda. Dette kan gjerast ved at det ikkje vert preparert skiløyper inn i villreinområde, eller at ei unngår å gjere område lettare tilgjengleg ved for eksempel at vegar vert vinterbøyta lengre innover mot fjellet.
Eksisterande hytteområde - dagens utbyggingsmønster
I Ål kommune er det omlag 2200 eksisterande hytter. Dei fleste av desse ligg samla i større hyttefelt. Dei fleste hyttene ligg i fjellskog og er godt plassert i terrenget. Dette er eit fortrinn som Ål kommune ynskjer å byggje vidare på. Ål kommune har difor eit mål i kommuneplanen som sier at "Ål kommune ynskjer familievennlege hytteområde godt plassert i terrenget".
Dette stiller store krav til område som vert valgt som utbyggingsområde. Særleg med tanke på at dagens hytter ofte er større og krevjer meir terrenginngrep pga veg, vatn og avlaup.
Oversikt over dagens hytteområde finn du under områdevurdering.
Kulturminne
All arealplanleggjing må forhalde seg til Kulturminnelova. I samband med detaljerte utbyggingsplanar vil fylkesmannen si kulturvernavdeling i tillegg ha synfaring på staden.
Registrerte automatisk freda kulturminne i Ål ligg på Riksantikvaren sin base Askeladden, og er å finne under tema kulturminne på Hallingkart.
Atomatisk freda kulturminne er:
- Alle far etter folk frå før 1537
- Alle ståande bygningar frå før 1650
Ikkje freda kulturminne er og registrerte under interessante stader på Hallingkart. Denne lista vil bli supplert
Fylgjande må takast omsyn til ved detaljplanleggjing:
- Gamle ferdselsårer, teinrøyser og steingjerder. Desse er ikkje alltid registrert på kart.
- Bygningar frå før 1900, registrerte i den såkalla SEFRAK-registreringa midt på 80-talet. Desse registreringane er ikkje digitalisert, men finst i bokform på plankontoret og kulturkontoret i kommunen.
- Gamle danseplassar i Ål, registrerte og fotograferte i 1996. Perm på kulturkontoret (vil med tida bli registrerte på Hallingkart).