Arbeidet med rulleringa av arealdelen for Ål kommune har vært ein lang prosess. Det å teikne ut eit plankart og å skrive nye føresegner er berre ein liten del av planarbeidet.
Om du trykker på linken under finn du eit PowerPoint presentasjon som syner prosessen med konsekvensvurdering (KU) og val av nye byggjeområde i Ål.
Konsekvensvurdering av nye byggjeområde i Ål.
Politisk forankring
Det har vært viktig å få ny arealdel for Ål kommune godt politisk forankra. Dvs at politikarane i Ål skal vere kjent med innhaldet og verknader av planen. Undervegs i planprosessen har det difor vært mange delvedtak om prinsipp for planarbeidet. Under linken til venstre: politiske føringar/vedtak finn du saksframlegg og delvedtak som er gjort i planprosessen.
Grunnlagsmateriale
Ål kommune hadde dårlege kart for utmarka i Ål og lite av grunnlagsmaterialet var registert digitalt då planarbeidet starta i 2006. Undervegs i planprosessen er det gjort ein stor jobb på å betre dette. Sjå under linken til venstre: Registrering av tema
Folkemøte
I planprosessen har det vært fleire møter der grunneigarar og andre har blitt kjent med materialet, prosessen og har hatt moglegheit for å kome med innspel. Hausten 2007 vart det avhalde 6 møter om ulike område i Ål: Sangfjell/Veståsen, Torsbu/Kvinnegardslia, Leveld, Votndalsåsen, Vats, Torpo- og Opheimsåsen. Det møtte omlag 100 menneske på desse møta.
Det var eit informasjonsmøte om planframlegget måndag 13. oktober 2008. Det var ca 30 tilstades på møtet.
Informasjon
Informasjon om planarbeidet og delmateriale har under prosessen vært å finne på heimesida til Ål kommune.