- Merknader til planframlegget

Framdrift
Kommuneplanutvalet (KPU) hadde planframlegget oppe til 2. gongs handsaming den 30. mars 2009. Med bakgrunn i merknadene og resultatet av forhandlingar med Fylkesmannen sin miljøvernavdeling og Statens vegvesen vedtok KPU nokre endringar i planframlegget. 

KPU vedtak av 30.03.09

Vedtaket medfører at planframlegget må leggjast ut på ny offentleg høyring.

 

Offentleg ettersyn - merknader
Framlegg til ny arealdel for Ål har ligge ute til offentleg ettersyn i perioden 01.11.08- 05.12.08. Det kom inn ca 70 merknader til planframlegget. To av desse, merknaden frå Gol kommune og felles uttala frå Fylkesmannen, Statens vegvesen og NVE inneheld motsegn til planen. Merknadene er gjennomgått og vurdert.

Her er dei viktigaste merknadene til planframlegget:

Brev frå Fylkesmannen, Statens vegvesen og NVE, datert 15.12.08
Brev frå Buskerud fylkeskommune, datert 11.12.08
Eit samandrag av alle merknadene til planframlegget.

Motsegn
Offentlege styresmakter og nabokommunane til Ål kommune kan kome med motsegn til planframlegget. Om dei kjem med slik motsegn kan ikkje Ål kommune eigengodkjenne planen/delar av planen før ein har kome til einighet om punkta.

Gol kommune har kome med motsegn til planframlegget på hytteområda som ligg inntil grensa for Gol kommune, Syningenområdet.

Merknad frå Fylkesmannen, Statens vegvesen og NVE. I uttala frå dei datert 15.12.08 inneheld fleire motsegn: Her finn du heile brevet.

Publisert
11.12.2008
Sist endra
09.03.2010
Publisert av
Berit Heitmann

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune