Kleivi næringspark

 

Hol og Ål kommunar har eit felles utbyggingsområde for næringslivet som ligg på kommunegrensa i Kleivi.

 

Kort om Kleivi:
Området vart etablert i 1970 etter initiativ av ordførarane i Ål og Hol, og var på 230 da. Bakgrunnen for etableringa av næringsområdet var eit forsøk på å stoppa straumen av ungdomar frå Hol og Ål til byane.
Tilgangen på arbeid i desse bygdene minka dramatisk etter at kraftutbygginga i Hallingdal var slutt i 1960-åra.
Kommunane overdrog i 1970 139 da av sitt areal til SIVA.

Bedriftene:

Hallingdal Renovasjon: Interkommunal bedrift for heile Hallingdal. Har et forbrenningsanlegg som produserar varmt vatn til fjernvarme. Planer om ombygging til dampproduksjon. Produksjonsvolum ca 28 GWh. Leverar varmtvatnet i røyr fram til fabrikkvegg.


Hallingplast AS:
Produserar plastrøyr av mange slag og av høgste kvalitet. Årsomsetning ca 70. mill. Hallingplast er den eldste bedrifta i Kleivi, starta i 1968. Hallingplast er ei arealkrevjande bedrift, og har nyleg kjøpt opp to av nabobedriftane.

NorMec as:
Produserar maskiner for gummivareproduksjonen. Salsområdet er heile verda. Dei produserar også gummilegering av spesiell kvalitet.

Mesta AS:
Har eit strøysandlager i Kleivi som vert oppvarma med varme frå Hallingdal Renovasjon.

Terje Skifte:
Einmannsbedrift innan kjøle- og fryseteknikk.

 

Publisert: 23.06.2008
Sist endra: 24.08.2010
Oppretta av: Inger Lervåg
Servicetorget

 

Ål kommune
Torget 1, 3570 Ål

Telefon: 3208 5000
Send e-post til Ål kommune

Kontaktinformasjon:

Kleivi Næringspark
v/Knut Medhus
Postboks 4, 3576 Hol. 
E-post: post@kleivi.no

Torget 1, 3570 Ål  •   Tlf: 32 08 50 00  •   Send e-post til Ål kommune  •  Nettansvarleg: Inger Lervåg