Disposisjonsplanar

Ål kommune har 34 eldre disposisjonsplanar som pr d.d. er  gjeldande. Planane har i dag same status som ein reguleringsplan. Planane er vanskeleg å drive sakshandsaming etter, då dei har dårleg kartkvalitet. Planane er frå 60 – 70 talet og tomtene er i hovudsak tenkt for mindre hytter av låg standard

Gjennom prosessen med rullering av ny arealdel har Ål kommune som mål å oppheve alle disposisjonsplanane i kommunen. Planane vert formelt oppheva på same måte som ein reguleringsplan, dvs gjennom plan- og bygningsloven § 27-1. Det formelle arbeidet med oppheving av planane vert varsla i Hallingdølen og med brev til grunneigarane.

Sida er under arbeid. For meir informasjon kontakt arealplanleggjar Torstein Haug Hagen eller sakshandsamar.

Utsnitt av plankart

Døme på disposisjonsplan: Plan nr 159 Torsbu hyttegrend.

Det er berre disposisjonsplanar som er stadfesta av Fylkesmannen i Buskerud som er formelt gyldige. Dei planane som ikkje har denne stadfestinga er ikkje å sjå på som godkjente planar. Dei har dermed ingen formell planstatus. Planar som er stadfesta, men som ikkje er påbegynte, er heller ikkje formelt gyldige.

Godkjente disposisjonsplanar
I tabellen under finn du ein oversikt over alle godkjente disposisjonsplanar i Ål kommune. Klikk på plannavnet for å sjå disposisjonsplanen digitalisert.

Nr Navn Tal tomter Ledige tomter
1 Stokksendvatnet 5 2
4 Halleset hyttefelt 7 0
7 Randane hyttefelt 5 1
8 Jordet hyttefelt 8 2
9 Turrhaug hyttefelt 52 1
11 Grønli hyttefelt 48 4
13 Feten hyttefelt 7 3
16 Kråkehovda hyttefelt 23 0
17 Breie hyttefelt 107 20
19 Skarsgard hyttefelt 7 5
20 Stavestølen hyttefelt 20 13
22 Torsbugjerda hyttefelt 4 0
27 Toresgard hyttefelt 4 3
29 Tangeskog hyttefelt 8 2
30 Gaurhovdstølen sameige 12 6
33 Vats hyttegrend 18 3
34 Nystølen hyttefelt 25 3
36 Fjellstølen hyttefelt 19 3
37 Rabbehalle hyttefelt 2 0
38 Plassestølen hyttefelt 8 1
39 Barskrind søndre hyttefelt 6 4
40 Sangefjell 1 25 0
42 Sangefjell 2 101 6
45 Osestølen sameige 2 0
46 Hagaheimstølen hyttefelt 8 2
47 Heimstølhovda hyttefelt 6 0
52 Kjellargard søre hyttefelt 6 3
54 Fåreslettene hyttefelt 3 2
60 Larshallremmen hyttefelt 3 0
61 Knutstølhovda hyttefelt 2 0
62 Teigen - Hestebrekk 4 2
69 Bergmo hyttefelt 4 1
88 Jøtatorsbu hyttefelt 8 0

Ledige tomter pr 01.01.08  

Disposisjonsplanar som ikkje er gyldige
I tabellen under finn du ein oversikt over disposisjonsplanar som ikkje er godkjente/ikkje er gyldige. 

Nr Navn FM Tal tomter Ledige tomter
5 Langeli hyttfelt Nei 4 0
10 Sirestølen hyttefelt Nei 23 1
12 Solheim hyttefelt Nei 4 1
18 Leikvollstølen hyttefelt Nei 4 0
24 Gunngjørgdekkene hyttefelt Nei 5 0
25 Maristølen hyttefelt Ikkje oppst. 14 14
28 Mysetmyrene hyttefelt Ikkje oppst. 5 5
31 Rimeslåtta - Kolbjørnstølen hyttefelt Nei 5 0
48 Melsethaugen hyttefelt Nei 11 0
51 Tveitehaugen hyttefelt Nei 4 2
58 Holostølen hyttefelt Nei 1

1

127 Buhovd, Steinstølen, Olset hyttefelt Nei 77 68
159 Torsbu hyttefelt Nei 25 5

 

Digitalisering av godkjente disposisjonsplanar
Ål kommune har digitalisert planane – dvs teikna av planane etter beste skjønn – og lagra dei i den digitale kartbasen for Ål.

Disposisjonsplan - ny arealdel for Ål kommune
Målet er at alle disposisjonsplanane skal opphevast gjennom arbeidet med ny arealdel av kommuneplan.

Disposisjonsplanane vert i staden avsett som eksisterande byggjeområde i ny arealdel. Men planar som har tomter eller der heile planområdet ligg sårbart må få ein ny vurdering.

Desse føringane vert lagt til grunn for arbeidet:

Disposisjonsplanar som er utbygde/ nesten ferdig utbygde
Føresetnad: planane ligg i skogdekt område/ikkje sårbart område

  • Områda vert avsett som eksisterande byggeområde i arealdelen av kommuneplanen
  • Veg inn i området vert avsett som eksisterande privat veg
  • Dei ledige tomtene kan byggjast ut etter fellesføresegnene for byggjeområdet. Gjennom situasjonsplan for tomta må det dokumenterast at det er forsvarleg å byggje ho ut.
  • Kvar einskilt plan vert lista opp med namn og nummer. Lista vert teke inn i føresegnene til ny arealdel. 

Disposisjonsplanar som det er starta utbygging i
Føresetnad: planen ligg i snaufjell eller anna sårbart område

  • Planområdet vert teke opp til ny vurdering

Disposisjonsplanar som det ikkje er starta utbygging i: 
Grunneigar får varsel om at planen ikkje er gyldig. Området vert ikkje avsett som byggjeområde i arealdelen.

Planar som er erstatta av nyare reguleringsplanar
Grunneigar får beskjed om at planen formelt vert oppheva. 
Området vert teikna inn som eksisterande byggjeområde
 

Her er fleire disposisjonsplanar digitalisert og sett saman slik at ein ser samanhengen i hytteområdet. Døme frå Sangefjell

 

 

 


 

Publisert
18.01.2008
Sist endra
24.08.2010
Publisert av
Berit Heitmann

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune