Idrettsplan for Ål
Foto: Vegard Breie
Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv skal rullerast. Det har gått ut brev til idrettslag og klubbar med oppmoing om å gå gjennom behov for anlegg.
Ål Kommune har starta arbeidet med ny plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Denne planen skal erstatte tematisk kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet som gjeld perioden 2008 – 2011.
I samband med søknad og fordeling av spelemidlar er det nå viktig at alle idrettslag og klubbar går grundig igjennom sine planar vedrørande utbygging av anlegg og framtidige behov. Dette gjeld både ordinære anlegg og nærmiljøanlegg. Anlegg knytt til skular er også søknadsberettiga til spelemiddelpotten. Det er sett ein frist til 13. august 2012 for innspel til anleggsdelen. Kontaktperson er Tore Bøygard. tore.boygard@aal.kommune.no. Mobil: +47 – 917 97 559
I tillegg til anleggsdel skal planen ha føringar for samhandling mellom frivillig og kommunal sektor med målsetting om eit aktivt og inkluderande lokalsamfunn.
Prosjektskisse idrettsplan vedtatt i SUKO og STNR 21.feb finn du her