Tryggingsalarm
Tryggingsalarm skal skape tryggleik for brukaren, og gjer det mogeleg å nå heimesjukepleia viss ein treng akutt hjelp, og ikkje klarar å bruke telefon.
Kven får tenesta
Ei samla vurdering av behovet til søkjaren vert gjort etter desse kriteria:
- har lett for å falle eller har problem med å bevege seg.
- er utrygg
- helsemessige årsakar
- må vere klar og orientert
- må ynskje alarm og forstå bruken av denne.
Kva tenesta inneheld
Når personalet på avdeling Stugu mottek alarmen, vil dei ta kontakt med brukaren gjennom tryggingsalarmen som er montert heime hjå brukaren. Viss dei ikkje oppnår kontakt vil heimesjukepleia få beskjed og umiddelbart rykke ut.
Brukaren må:
- bære alarmsmykke heile døgnet.
- ikkje bruke alarmen viss ein kan bruke telefonen.
- godta at heimetenesta får utlevert nøkkel til bustaden. Dette for at hjelp kan gjevast så raskt som mogleg.
- erstatte alarmen/alarmsmykket viss han/ho mistar eller bevisst øydelegger det.
Korleis få tenesta
Søknad skjer skriftleg på søknadskjema til
Tildelingsteamet, Ål bu og behandlingssenter, 3570 Ål.
Du kan kontakte servicetorget i Ål kommune for å få hjelp til søknaden din. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skrifteleg fullmakt som vert lagt ved søknaden.
Heimetenesta vil ta kontakt og avtale eit heimebesøk innan 10 dagar etter at søknaden er motteke. Du vil få svar på søknaden seinast 4 veker etter at søknaden er motteke.
Tryggingsalarm tildelast for ei bestemt periode, med revurdering kvar 6 - 12 mnd.
Lovgrunnlag
Tryggingsalarm er ikkje ei lovpålagt teneste, men tildelast etter Lov om helsetenesta i kommunane.
Dersom du ynskjer å klage på vedtaket er klagefristen 3 veker etter at du mottok svaret.
Klaga sendast til Tildelingsteamet, Ål bu og behandlingssenter, 3570 Ål.
Pris
Betaling for bruk av tryggingsalarm blir vedteke i kommunestyret kvart år. Sjå betalingssatsane for Ål kommune.
Tilknyttning er gratis.
For meir informasjon, kontakt:
Servicekontoret,
Ål kommune,
Tlf. 32 08 50 00
Avdeling Heimetenester,
avd.leiar
Tlf 32 08 52 41