Omsorgsløn

Ei økonomisk yting for å bidra til best mogleg omsorg for dei som treng hjelp i dagleglivet, og gjere det mogleg for private omsorgsyterar å halde fram med omsorgsarbeidet

Kven får tenesta

Det blir gjort ei individuell vurdering på grunnlag av:
- Brukaren si funksjonshemming og sjukdom,
omsorgsbehov og heimesituasjon .
- Kven som som naturleg yter hjelp til brukaren
- Om tenesta skal vere eit supplement eller erstattning for ordinære heimetenester.

Det blir lagt vekt på fyljande:
-Om pårørande har omsorgsansvar.
- Kva slags hjelp kommunen yter, og om denne kan erstatte eller supplere omsorgsløn.

Kva omfattar tenesta

Omsorgsløn er eit økonomisk bidrag til den som yter pleie til nære pårørande eller andre.

Heimetenestene kan tilby annan hjelp der dette blir vurdert som det beste for brukaren eller der ein meiner dette er ei betre nytting av kommuna sine ressursar.

Korleis få tenesta

Søknaden skal kome frå den som yter omsorga, og skal sendast :
Tildelingsteamet, Ål bu- og behandlingssenter, 3570 Ål.

Det blir gjort eit vurderingsbesøk med den som har framsett søknaden.
Omsorgsløn blir innvilga som eit oppdrag, og den skal fylje brukaren sine behov for omsorg.
Vedtaket blir revurdert minst ein gong i året, eller når brukars eller hjelpars tilstand endrar seg.
Den som mottek omsorgsløn pliktar og melde frå om endringar i tilstanden til den hjelpetrengjande.
Omsorgsløn opphøyrer omgåande og utan forutgåande oppseiing når den hjelpetrengandes behov ikkje lenger er til stades.

Lovgrunnlag

Tenesten vert tildelt etter Lov om sosiale tenester, Rundskriv I-42/98.
Dersom du ynskjer å klage på tenesta er fristen 3 veker frå vedtaket er motteke.
Klaga kan sendast til:
Tildelingsteamet, Ål bu- og behandlingssenter, 3570 Ål.
Siste klageinstans er Fylkesmannen i Buskerud

Pris

Omsorgsmottakar inngår oppdragsavtale med Ål kommune. Oppdragsforholdet gjev ikkje pensjonsgjevande løn, feriepengar eller sjukepengar.

For meir informasjon, kontakt:

Servicekontoret,
Ål kommune,
Tlf. 32 08 50 00

Fagkonsulent
Tlf. 32 08 52 05
Publisert
22.11.2005
Sist endra
23.01.2008
Publisert av
borghild

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune