Matombringing

Sikre tilfredstillande ernæring til heimebuande eldre og funksjonshemma, som ikkje klarer å lage middag sjølv.

Kva inneheld tenesta

Det kan leverast inntil 7 porsjonar pr. veke, og maten køyrast ut 3 gonger pr. veke. Middagen er nedkjølt, vakum- og porsjonspakka. Det kan leverast ulike diettar. Porsjonspakkene er merka med holdbarheitsdato og leveringsdato. Tilbodet kan vere for ei periode ved til dømes sjukdom. Middagen leverast heim til brukaren.

Korleis få tenesta

Søknad skjer skrifteleg på søknadskjema til
Tildelingsteamet, Ål bu og behandlingssenter, 3570 Ål.
Du kan kontakte servicetorget i Ål kommune for å få hjelp til å søknaden din. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skriftleg fullmakt som vert lagt ved søknaden.

Heimetenesta tek kontakt med deg for å avtale omfang av tenesta.
Det tek ca. 3 veker frå tenesta er tildelt til matombringinga trer i kraft. Dette grunna bestillingstid til Hovudkjøkken.
Ved tildeling av tenesten vil du saman med vedtaket få informasjon med praktiske opplysningar om tenesta.

Lovgrunnlag

Tenesta er ikkje lovpålagt, men tildelast etter Lov om sosiale tenester. Dersom du ynskjer å klage på vedtaket er klagefristen 3 veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendast Tildelingsteamet, Ål bu og behandlingssenter, 3570 Ål.

Pris

Sjå betalingssatsar i Ål kommune
Det blir sendt rekning 1 gong pr. månad, etterskuddsvis

For meir informasjon kontakt:

Servicetorget,
Ål kommune,
Tlf 32 08 50 00

Heimetenestene
v/ avd.leiar
Tlf.32 05 52 41
Publisert: 27.12.2005
Sist endra: 23.01.2008
Oppretta av: borghild
Servicetorget

 

Ål kommune
Torget 1, 3570 Ål

Telefon: 3208 5000
Send e-post til Ål kommune

Torget 1, 3570 Ål  •   Tlf: 32 08 50 00  •   Send e-post til Ål kommune  •  Nettansvarleg: Inger Lervåg