Langtidsplass på sjukeheimen
Eit bu- og behandlingstilbod til kroniske sjuke der kommunens øvrige pleie- og omsorgstenester ikkje kan gje tilstrekkeleg hjelp i eigen heim.
Kven får tenesta
Tenesta kan tildels alle, uavhengig av alder. Den blir tildelt til dei som har samansette pleie- og omsorgsbehov som det ikkje er hensiktsmessig å dekke ved heimetenester.
Tenesta blir tildelt utifrå ei samla vurdering av:
- brukars situasjon og eigenvurdering
- pårørandes vurdering
- legeopplysningar
Endra pleie og omsorgsbehov kan gi grunnlag for:
- utskriving til heimen
- overflytting til anna avdeling ved institusjonen eller anna helseinstitusjon
Kva omfattar tenesta
- Naudsynt hjelp til personleg hygiene
- Måltider
- Medisiner/medisinsk forbruksmateriell
- Legetilsyn
- Tannhelseteneste
- Ergo- og fysioterapi
- Sosiale aktiviteter
- Sjukeheim er ein lovregulert bustad i institusjon med heildøgns- pleie og omsorg.
Tenesta inneheld:
- avdeling for aldersdemente
- avdeling for eldre med psykiske lidelsar (psyko-geriatri)
- avdeling for personar med samansette pleiebehov.
Tenesta blir gitt ved:
Ål bu- og behandlingssenter, avd. Stugu.
Ål bu- og behandlingssenter, avd. Tunet.
Korleis få tenesta
Søknad skjer skrifteleg på søknadskjema til :
Tildelingsteamet, Ål bu og behandlingssenter, 3570 Ål.
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til søknaden din. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skriftleg fullmakt som vert lagt ved søknaden.
Det blir fatta vedtak i tildelingsteamet, normalt vil vedtaket bli fatta innan 4 veker.
Lovheimel
Tenesta blir tildelt etter Lov om sosiale tenester og Lov om helsetenesta i kommunane. Viss du ønsker å klage på vedtaket er det klagerett etter lova. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke. Klaga skal sendast til Tildelingsteamet, Ål kommune, 3570 Ål. Klageinstans er Fylkesmannen
Pris
Det blir vist til forskrift om vederlag for opphald i institusjon.
Opplysningar om dette, kan de få ved Servicetorget eller sekretær ved stab i helse- og sosialsektoren.
For meir informasjon, kontakt:
Servicetorget
Ål kommune
tlf.: 32 08 50 00
Avd. Tunet
Avdelingsleiar
tlf. 32 08 52 12
Avd. Stugu
Avdelingsleiar
tlf.: 32 08 52 22